Innlegg

Viser innlegg fra september, 2012

Panoramajakta held fram, Sandfjellet 903 moh og Brustind (Trolltind) 1170 moh

Bilde
Idag var det nok ein finversdag, så avspaserte litt og hoppa på ferga over fjorden. Køyrde til Tomrefjorden, kor eg fulgte skiltinga til Setervegen, bomveg kr. 40. Då eg kom opp på det høgaste punktet på vegen, før den bikka ned mot Svartløken, parkerte eg på stor parkeringsplass. Derifrå fulgte eg blaut og tydeleg sti eit stykke, før eg kom opp på ryggen mot Sandfjellet kor stien var fast og fin. Etter ei kjapp matpause bak varden på Sandfjellet, fortsette eg over Sandfjellet og ned langs eggen mellom Sandfjellet og Brustind. Måtte ned litt over 100 hm før eg kunne begynne på den lange og tunge steinurda opp til toppen av Brustind. Men alt peset var glømt så fort eg såg toppvarden og kunne nyte utsikta! Det var veldig sterk vind heile turen, så det frista ikkje å sette seg ned for å nyte utsikta og ete maten, så det var berre å sette full gass heimover igjen. Turen var estimert til 4 timar opp og 3 timar ned i Turboka for Molde og Omegn, men eg brukte totalt 4 timar frå start til sl

Break of day i Molde!

Bilde

Rypejakt

Bilde
Trur nok det kanskje er 6-7 år sidan sist eg var på Rypejakt, men etter at eg oppdaga at eg hadde fullt av haglepatroner tenkte eg at det var på tide å gå på jakt igjen. Så tok turen til Eide og køyrde opp op Ugelstadsetra. Derifrå gjekk turen oppover mot Gongrøra (835 moh) og Kaka, rett under Snøtind. Der var det på tide med kaffekoking og trøstespising over ingen ryper så langt.  Derifrå gjekk turen vidare over Hjulnebba (797 moh), Skardrøra (672 moh) og til slutt Skredfjellet (817 moh). På turen var det desverre ikkje særleg mange ryper å sjå...såg snurten av ei bak ein stein, som var umogleg å skyte på. Thats it på heile dagen...Så duknakka heldte turen fram ned til Herskedalen, kor både myr etter myr vart forsert og tildels særs ulendt li-nedstiging-kor-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-gå-skliing...og vips, nede i Herskedalen etter ein veldig lang dag på fjellet! Nydeleg turdag, men desverre ingen ryper. Magisk morgon ved Naasvatnet Melen speglar seg i Naasvatnet

Panoramajakta held fram, Hoemstind 927 moh, Tresfjorden

Bilde
ENDELEG kom det ein dag med fint ver igjen, og eg var rask med å pakke sekken og komme meg av garde. Det var på tide med litt panoramafangst igjen, over ein månad sidan forrige!! Eg tok fergå over fjorden og køyrde til Daugstad, kor eg tok av mot Daugstadsetra (bomveg, kr. 40) og parkerte på første parkeringsplass på høgre side av vegen. Der var det skilta til mange turmål i området. Men eg hadde sett meg ut Hoemstind som dagens mål. Stien innover mot Hoemssetra var ganske så blaut til tider, så det var tungt å gå i myra...Men etter Hoemssetra var stien ganske så tørr og fin og føret vart straks betre. Ved ei lita tjønn tok eg meg ein lunsjrast og nytte livet. Det er berre fantastisk å vere på fjellet på hausten, med alle dei fine fargene og den klåre lufta. Etter litt mat tok eg fatt på neste etappe, opp på toppen. Frå Sylteskaret var det raudmerka sti, så ingen problem å finne fram. Etter kvart som eg klatra oppover vart utsikta ganske så bra og det var eit fl