Innlegg

Panoramajakta held fram: Trollvasstinden sør 1422 moh, Rauma/Stordal

Bilde
Det er tre Trollvasstindar på ryggen frå Trollvasstinden 1422 til Fokhaugtinden. To av dei var eg på tidlegare i sommar, no skulle den siste til pers. Var barnevakt for Zoe og vi sette kursen mot Pusken ved Overøye i Stordal. Parkerte der kor vegen vart stengt med bom. Gjekk langs grusvegen gjennom hyttefelt fram til skilt mot Dyrdalen dukka opp. 

Oppover lia var det fin sti og ganske lettgått terreng. Zoe var i storform, så det var hjelp å få oppover.


Før vi starta på motbakken så var det matpause både for tofotinga og firfotinga. 

Frå Dyrdalen til toppen av Trollvasstinden er det 650 hm, på ganske kort distanse. Så høgdemetra gjekk relativt kjapt. Delvis grasbakkar, laus sand og urd på turen, ingen sti. Skikkeleg sur vind, så det var ikkje mange stopp på turen opp. Oppe på toppen er det nydeleg utsikt i alle himmelretningar.  Vi nytte utsikta og låg i skjul for vinden bak ein stein for å ete matpakka. Retur omtrent same veg. 
Start og stoppstad - Pusken øvst i Stordalen

Panoramatopp…

Hyttetur i Isfjordsfjella

Bilde
I Rauma er det mange opne hytter i fjellheimen, flesteparten eigd av fjellstyrer. I august tok eg ein liten rundtur for å besøke nokon av desse hyttene. Planen for helga var å kome meg opp på Kvanndalshøin som ligg sør for Middagsfjellvatnet.

Frå starten heilt innst i Erstaddalen i Isfjorden sette eg kursen inn Saufonngrova mot Saufonnholet. Opp Saufonnholet er det innimellom svært bratt, men det er lagt ut kjetting og ein liten stige på dei brattaste partia. Nesten som ein liten via ferrata!










I det det flatar ut kjem ein til Saufonnhyttene. Den eine er gamal og er mest ei dagsbesøk-hytte, den andre er ei nyare fin hytte med sengeplass til 6-8 personar. I tillegg er det naust med båt og fiskeutstyr.

Frå Saufonnhyttene følgde eg stien vidare til Middagsfjellhytta. Den går på høgre side av vatnet. Etter 150 høgdemeter og ein halvtimes gange kjem Middagsfjellvatnet, Middagsfjellhytta og Vengetindane fram. For eit syn!



Middagsfjellhytta vart min heim for natta, ei nøktern og koseleg hytte…

Panoramajakta held fram; Blåbretindane i Sykkylven

Bilde
Dei tre Blåbretindane i Sykkylven har stått på lista ei god stund. Det er mogleg å ta toppane både frå Fet i Sykkylven, frå Trandal og frå Riksemdalen. Eg starta ut frå Fet og gjekk langs tydeleg sti opp til Fetkollen. Det er ikkje skilta frå vegen, men frå gardane på Fet går det ein traktorveg ein følgjer til høgste punkt før stien startar. Ruta er den same som til Trollkyrkjetindane, den er omtala her.
Det stig bratt på oppover mot Fetkollen og høgdemetra går unna. Det er fin og tørr sti heile vegen opp Og etterkvart som ein kjem over skogen opnar det seg opp og ein ser fjell i alle retningar. 

Oppe på Fetkollen er det slutt på sti og lyng, no er det stein og snø som gjeld resten av turen til topps. Eg gjekk så mykje eg kunne på dei tørre svaberga, resten på snøen. Den var heldigvis ganske fast og fin, så ingen problem å gå på den. Gjekk til høgre på snøen og runda opp til den litje knausen ein ser heilt til venstre i biletet under. 

På veg oppover går ein under Trollkyrkjetindane,…