Innlegg

Viser innlegg fra september, 2013

Panoramajakt og overnatting på Vasstindbu

Bilde
Fredag etter jobb sette Tonje og eg kursen for Vistdalsheia. Målet for dagen var Vasstindbu, den høgstliggande hytta til Molde og Romsdal Turistforening, 1190 moh. I flott haustver og vindstille la vi i veg på turen opp til hytta. Det tok oss omlag 2,5 time etter godt merka sti og i urd å kome opp. På turen opp fekk vi med oss solnedgang over Sjøvdøla og Juratind og nydelege haustfargar. På veg opp med Vasstindan i bakgrunn Solnedgang over Kvitfjellet, Styggeværshaugen, Helvetestind, Sjøvdøla, Melkallen.... ....Juratind, Kvanndalstind, Vengetindan... Oppe ved Vasstindbu, Vasstindan til venstre og Kalvgjeltind til høgre. Vel oppe var det berre å fyre i ovnen og lage seg ein "betre" middag og nyte litt rødvin. Er ein på tur, så skal ein kose seg. I tillegg var månen stor og trillrund og viste seg fram, måneskinnet var så sterkt at det hadde vore mogleg å tatt ein fjelltur utan haulykt! Nydeleg når sola gikk ned.... Månen på veg o

Molladalen, Ørsta

Bilde
Forrige veke skulle eg ein dag til Volda på jobb, og det kombinerte eg med ein avspaseringsdag for å gå på tur til Molladalen. Sjølv om Molladalen ligg langt unna Molde, så ser ein fleire toppar der frå Varden. Som den panoramajegeren eg er, så måtte eg jo sjå om eg kom meg opp på ein eller fleire av toppane der. Molladalen i seg sjølv er litt av eit skue, greier ikkje å forklare det med ord, så bilda under får tale for seg sjølv! Det vart ingen panoramatoppar. Eg valde å gå på eit par lågare toppar på vestsida av dalen istaden for å prøve meg på Jønshorn, då det var veldig sterk vind og utrygt for regn utover dagen. Men sjølv om eg ikkje prøvde meg på dei største og mest spektakulære fjella, så var det ei stor oppleving å gå på tur i desse omgjevnadane. Eg kjem tilbake!!