Molladalen, Ørsta

Forrige veke skulle eg ein dag til Volda på jobb, og det kombinerte eg med ein avspaseringsdag for å gå på tur til Molladalen. Sjølv om Molladalen ligg langt unna Molde, så ser ein fleire toppar der frå Varden. Som den panoramajegeren eg er, så måtte eg jo sjå om eg kom meg opp på ein eller fleire av toppane der.

Molladalen i seg sjølv er litt av eit skue, greier ikkje å forklare det med ord, så bilda under får tale for seg sjølv! Det vart ingen panoramatoppar. Eg valde å gå på eit par lågare toppar på vestsida av dalen istaden for å prøve meg på Jønshorn, då det var veldig sterk vind og utrygt for regn utover dagen. Men sjølv om eg ikkje prøvde meg på dei største og mest spektakulære fjella, så var det ei stor oppleving å gå på tur i desse omgjevnadane.

Eg kjem tilbake!!
























Kommentarer