Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Snøtind 1024 moh, høgaste toppen i Gjemnes og Eide

Bilde
Idag tok eg turen til Snøtind og starta frå Åndal i Batnfjorden. Først litt staking langs vegen før det bar opp lia. Måtte kjapt lette i antrekket, var jo reine påskevarmen! Fint føre oppover og gamle spor eg kunne følge. Rett under kor toppryggen starta måtte eg på med jakka, då bleste det godt. Turen opp til toppen var litt ekkel, mykje hardt under nysnøen, så det var berre på med skarejarna. Oppe på toppryggen var det rett og slett blankis, men ingen problem med skarejarn og feller. Som forresten satt på på tilbaketuren langs ryggen også... Det var så sterk vind, at det berre var å få på hjelm og sette snuten ned igjen med ein gong. Varmt i solsteika oppover! Litjtussen Stortussen og Snøtind Eide Harstadfjellet i forkant, Tustna og Aure bakerst. Det bles på toppan i Romsdalen. Så var det berre å suse nedover igjen! Føret var ganske tredelt - solpåvirka snø på glatt skare, pudderføre i skyggepartia og god sløsj i nedre parti. Lit

Panoramajakta held fram: Klauva 1512 moh, Isfjorden

Bilde
I dag vart det endeleg panoramajakt igjen! Litt smågrått i Molde, men sette kursen mot Isfjorden med håp om at yr.no skulle slå til. Utruleg varmt ved starten og opp til Loftskardsetra, men derifrå var det på med jakka. Litt småsur vind, men god temperatur. På vegen opp traff eg gamle kjente, som var på tur med Fjellsportgruppa til Trondheim turistforening. Og, plutseleg hadde eg tatt følge med dei heile vegen til Søre Klauva. Godt med snø heilt opp til siste del av ryggen mot toppen. Der var det litt isete, men skarejern gjorde susen. Så var vi oppe på toppen og satsa på at sola skulle kome kl. 14 som lova! Etter ein kort matpause, sette eg avgarde mot Klauva og resten av gjengen skulle kjøre ned i Hestebotn, gå opp på Steinberget og til Kirketaket. Sprek gjeng..  Turen frå Søre Klauva til Klauva vart fottur, det var ikkje nok snø til skigåing, sjølv om eg sikkert kunne gått korte strekke her og der på ski. Så monterte stegjarna og la iveg ned i skaret mellom klauvene. Enke