lørdag 14. februar 2015

Panoramajakta held fram: Klauva 1512 moh, Isfjorden

I dag vart det endeleg panoramajakt igjen! Litt smågrått i Molde, men sette kursen mot Isfjorden med håp om at yr.no skulle slå til. Utruleg varmt ved starten og opp til Loftskardsetra, men derifrå var det på med jakka. Litt småsur vind, men god temperatur. På vegen opp traff eg gamle kjente, som var på tur med Fjellsportgruppa til Trondheim turistforening. Og, plutseleg hadde eg tatt følge med dei heile vegen til Søre Klauva.



Godt med snø heilt opp til siste del av ryggen mot toppen. Der var det litt isete, men skarejern gjorde susen. Så var vi oppe på toppen og satsa på at sola skulle kome kl. 14 som lova!

Etter ein kort matpause, sette eg avgarde mot Klauva og resten av gjengen skulle kjøre ned i Hestebotn, gå opp på Steinberget og til Kirketaket. Sprek gjeng..  Turen frå Søre Klauva til Klauva vart fottur, det var ikkje nok snø til skigåing, sjølv om eg sikkert kunne gått korte strekke her og der på ski. Så monterte stegjarna og la iveg ned i skaret mellom klauvene. Enkelte bratte parti, men ingen problem.


Klauva
Finveret er på veg, Søre Klauva til høgre.
Strekket frå skaret og opp til Klauva er lengre enn det ser ut, omtrent 300 hm, så var passe mør og glad for at motbakken var over når eg kom til topps!
Markert skydekke!

Veret var i ferd med å lette, men i det eg kom på toppen var det litt skya og sur vind. Gikk litt tilbake igjen for ei matpause, og DA...da kom sola! For eit syn!!
På toppen!
Klauva, Vasstindane og Kjøvskardtind
Frå toppen mot Mittet.
Endeleg!
Sola brente seg gjennom skydekket!





Etter ein bra matpause og nyting av utsikta, tok eg same vegen tilbake. Kneika opp til Søre Klauva igjen vart litt tung etter lang nedoverbakke. Men oppe på Søre Klauva fekk eg med meg solnedgangen, og da var ALT glemt!







Kjøvskardtind og Kyrkjetaket





Solnedgang frå Søre Klauva
Så gjensto nedturen. Eg rennte ned ryggen mot Hestebotn, før eg sklei ut igjen under Steinberget og ned til bilen. Ganske bra føre langs ryggen, men enkelte parti med litt isete underlag.






Rett og slett heilt fantastisk å køyre inn i solnedgangen. Livet i godteskåla er berre herleg!
Panoramatopp nr. 143 i boks.

1 kommentar:

  1. Hei! Snubla over bloggen din, og drog kjensel på bilda frå denne turen din. Eg hugser veldig godt lyset og stemninga som plutselig kom då sola endelig dukka opp! Eg sat på Skarven og såg på gjengen på Søre-Klauva, og på den einsomme vandrer som gjekk vidare mot Klauva :) Trur eg har bilde av deg der du sit og og lunsjen din litt nedenfor toppen. Må ellers seie at du har mange flotte bilder på bloggen din! Eg bor i Isfjorden, og har sjølv gått fleire av same turane som du siste 1-2 åra :)

    SvarSlett