Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2011

Nydeleg i Moldemarka idag!

Bilde
Flotte skiforhold i Moldemarka idag!




God Nytt År!

Klisterføre på Skaret

Bilde
Det skal ikkje vere på grensa til raudt klister i jula, men det er det altså! På trass av mykje dårleg og mildt ver i det siste, så var det idag fine skiforhold på Skaret.


Litjbroren til Dagmar??

Bilde
Veret denne jula innbyr ikkje akkurat til lange turar og aktivitet utandørs. Derfor tok eg meg i dag ein biltur til Atlanterhavsvegen og Farstadsanda. Fasinerande å sjå havet koke slik det gjer no! Glad var eg for at eg hadde regntette kleå, for det spruta ganske godt langt oppå land!






 Ein liten kompis som kjempa mot dei høge bølgene!

 Farstadsanda




Julaftens skitur til Raudheia

Bilde
Alt som har vorte gjort to gong, er ein tradisjon! Tradisjonen er skitur på julaften. I fjor var eg på Harstadfjellet, då det både var mykje kaldare og mykje meir snø. Årets julaftens skitur gikk til Raudheia saman med Tonje. Flott tur, sjølv om det var litt lite snø akkurat på toppen. Lyset i desember er berre fantastisk.

Då gjenstår det berre å ønske alle ei riktig god jul!








GOD JUL!

Bilde

Ein dag med jul!

Bilde
Idag har eg hatt jul i heimen! For første gong har eg eige juletre, og det har kome inn i stua idag og vorte pynta. Har hatt besøk av Eline og Aleksander og vi har pynta tre, laga troika-sjokolade, og laga pinnekjøtt til Tonje og Guro kom frå jobb. Det har lukta jul i heimen i heile dag!







Månelys morgon

Bilde
Flott måneskinn trass i at månen berre er ein liten skalk for tida!




Skitur rundt Silsetvatnet

Bilde
Flott tur på fjellskia rundt Silsetvatnet. Starta frå døra på Silset, opp kleiva, rundt vatnet opp om Hamballåsen og ned langs vegen igjen frå Indergardssetra. Flott tur, minus gnagsåra da...

Kart over turen er her.








Skitur i nydeleg desemberlys

Bilde
Har ein ganske skranglete rygg for tida, men den blir heldigvis betre av fysisk aktivitet. Etter å ha sitte på rævva i mange tima med jobb, avspaserte eg litt og fekk meg ein liten fjelltur før sola gikk ned. Starta frå Åndal i Batnfjorden og gikk innover til Ullaland før eg tok opp lia langs skogsveg. Plana var å sette kursen for Litjtussen, men det vart plutselig slutt på dagslyset og kondisen, så snudde ca. 100 høgdemeter under toppen. Skiføret var veldig variabelt, øverst enten avblåst/hardt eller pudder og lenger nede gjennomslagsskare og skikkelig ekkelt føre. Endte med at eg tok beina fatt det siste stykket. Nydelig ettermiddagstur i fantastisk lys!