fredag 16. desember 2011

Skitur i nydeleg desemberlys

Har ein ganske skranglete rygg for tida, men den blir heldigvis betre av fysisk aktivitet. Etter å ha sitte på rævva i mange tima med jobb, avspaserte eg litt og fekk meg ein liten fjelltur før sola gikk ned. Starta frå Åndal i Batnfjorden og gikk innover til Ullaland før eg tok opp lia langs skogsveg. Plana var å sette kursen for Litjtussen, men det vart plutselig slutt på dagslyset og kondisen, så snudde ca. 100 høgdemeter under toppen. Skiføret var veldig variabelt, øverst enten avblåst/hardt eller pudder og lenger nede gjennomslagsskare og skikkelig ekkelt føre. Endte med at eg tok beina fatt det siste stykket. Nydelig ettermiddagstur i fantastisk lys!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar