Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2015

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

Bilde
For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen.
Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh. 
Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover.  Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den einaste plassen som var flat, og i tillegg var det ein bekk rett ved sida. Når kveldssola kom, var det berre å sette …