Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2014

Litjtussen 810 moh, Gjemnes

Bilde
Idag tok eg turen til Litjtussen i Gjemnes. Køyrde opp til Åndal, betalte bompengar og køyrde inn til Øyan og parkerte før stigninga opp til Åndalssetra. Så følgde eg skogsveg eit godt stykke opp lia før eg sikta meg inn til venstre for elva som kjem ned frå Lågåsvatnet. Føret var greit i starten, etterkvart som skogen vart glissen vart snøen hard og det var på tide å montere stegjerna. Oppe ved Lågåasvatnet var det tid før ein liten rast før eg følgde ryggen opp til Litjtussen. Føret var så forskjellig, i starten mykje laus snø med lumske fjellbjørker under, etterkvart steinhard skare og glatt føre.

Oppe på toppen var det ei nydeleg utsikt frå Sunndalen til Midsund, det er eit flott lys på denne tida av året. Hadde eg starta turen litt tidlegare, så hadde eg tatt turen oppom Snøtind, men fann det lurt å returnere då haulykta låg igjen heime! I fjellsida aust for toppen av Litjtussen, i bollen mellom Litjtussen og Snøtind var det flott skiføre, pudder de luxe, då var det litt kjipt å…

Vareoppteljing 2013

Bilde
Det er alt for lenge sidan siste innlegg her, men det var travle tider før jul. Har prøvd meg på ei lita vareoppteljing av året som har gått i ein film. Kjem tilbake med oppsummering i form av tekst og bilete.

Filmen kan du sjå her http://vimeo.com/84383219