Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2016

Harstadfjellet og Stokknoken, Gjemnes

Bilde
Harstadfjellet og Stokknoken er to av mine favorittar. Harstadfjellet har eg bestandig teke frå Batnfjords-sida, så det var på tide å gå opp frå "baksida". Eg starta frå Krekvika, parkeringsplass med skilt til Krekvikdalen. Første delen av turen går på skogsveg, før det blir ein tur i jungelen! Fann ingen sti gjennom skogen, så var ganske letta når eg endeleg kom over skogen. Terrenget vidare var ganske så tungt; myr og mjuke tuer.... Eg sikta meg inn mot ryggen opp mot Harstadfjellet, og på tur oppover kom eg over ein god del molte, så det var berre å starte plukkinga. Haugevis av blåber var det også, det plukka eg på tur ned igjen. Utsikt frå Fræneide til Frei Pinnekjøtt! Melen og Stemshesten til venstre, Hustadvika rett fram. Ryggen oppover er ganske bratt, så høgdemetra går relativt fort, men pumpa får kjørt seg.. Eit fjell er så forskjellig alt etter kva veg ein tek opp, ein får sett alt frå ein anna vinkel, og får ei litt anna utsikt enn kva ein forbi