Harstadfjellet og Stokknoken, Gjemnes

Harstadfjellet og Stokknoken er to av mine favorittar. Harstadfjellet har eg bestandig teke frå Batnfjords-sida, så det var på tide å gå opp frå "baksida". Eg starta frå Krekvika, parkeringsplass med skilt til Krekvikdalen. Første delen av turen går på skogsveg, før det blir ein tur i jungelen! Fann ingen sti gjennom skogen, så var ganske letta når eg endeleg kom over skogen. Terrenget vidare var ganske så tungt; myr og mjuke tuer.... Eg sikta meg inn mot ryggen opp mot Harstadfjellet, og på tur oppover kom eg over ein god del molte, så det var berre å starte plukkinga. Haugevis av blåber var det også, det plukka eg på tur ned igjen.


Utsikt frå Fræneide til Frei
Pinnekjøtt!
Melen og Stemshesten til venstre, Hustadvika rett fram.
Ryggen oppover er ganske bratt, så høgdemetra går relativt fort, men pumpa får kjørt seg..
Eit fjell er så forskjellig alt etter kva veg ein tek opp, ein får sett alt frå ein anna vinkel, og får ei litt anna utsikt enn kva ein forbind med fjellet. Ryggen går over i ei stor flate som fører opp til toppen.






Eg starta turen i shorts og t-skjorte, men det var så sur vind på toppen at eg måtte på med bukse, boblejakke og hue... Etter ein kort pause i le for vinden bak varden, sette eg kursen ned igjen, denne gongen nord-austryggen. I staden for å følgje ryggen heilt ned til Astadvatnet (sti frå Batnfjords-sida), så tok eg av ned mot Nebbvatna. Der prøvde eg fiskelukka, og fekk to små fjellaurar på kroken.

På toppen, super utsikt i alle retningar!




Kveldsmat
På turen tilbake til bilen plukka eg mykje ber, det er lenge sidan eg har sett så mykje molte og blåber. Mykje god sylte!!

Dagen etter tok eg turen til Stokknoken, nok ein dag med mykje molte-plukking! Det fjellet har super utsikt heilt frå turen starta og til topps.







Kommentarer