Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2013

SUP på Istra, Rauma

Bilde
Kjøpte meg eit SUP-brett tidlegare i sommar, Stand Up Paddleboard, og etter den nydelige overnattinga på Litjefjellet tok eg turen til elva Istra i Isterdalen. Elva buktar seg idyllisk nedover, og med same stad for start og stopp fekk eg fleire km med fin padling. Elva har litt sterkare strøm enn Røa, som vart gjort med gummibåt tidlegare i år, og det var nokre tre som låg på kryss og tvers. Det eine greide eg ikkje å svinge unna og havna uti, var ikkje akkurat badetemperatur..... men ein kjempefin tur var det! Skal sei det tek ei lita stund å bli trygg på balansen når ein står på brettet, men det kjem vel med trening!

Overnatting på Litjefjellet i Vengedalen

Bilde
Har i mange år haurt om kor fantastisk flott det skulle vere å overnatte på Litjefjellet i Vengedalen, sola som spela på Trollveggen og dei andre majestetane i Romsdalen. Så etter turen til Finnan, bar det vidare til Vengedalen for ei betre overnatting med utsikt på Litjefjellet. Det vart rett og slett ein nydeleg kveld og ein minst like nydeleg morgon!! Vengedalen På Litjefjellet mot Trollveggen Romsdalshornet Lækkert! Vengetindane speglar seg! Store Vengetind After-fjelltur! Så kjem sola opp! Klikk på bildet og du får sjå film frå soloppgangen! Det var allerede folk på veg opp på Romsdalshorn Sola kjem opp over Klauva, Kirketaket, Kjøvskardtind og Helvetestind Grei kaffeutsikt!! Happy camper Tok frokosten på denne restauranten

Panoramajakta held fram - Finnan 1639 moh

Bilde
Endeleg kom finveret og moglegheiter for fjellturar! Etter ei veke med drittver, lågt skydekke og tilhørande dårleg humør slo vermeldinga til og finveret kom. Eg sette kursen mot Trollstigen og hadde blinka meg ut minst ein, kanskje fleire toppar i området mellomt Trollstigen og Innfjorden. Første mål var Bispevatnet og inn mot skardet mellom Bispen og Kongen. Runda botnen under Kongen og sette kursen mot den markerte sør-austlege ryggen av Bispen 1639. Eggen var for det meste grei å gå, men bratt, tidvis laust fjell og nokre luftig passasjar. Men eg kom meg opp og kunne nyte ei storslagen utsikt til matpakka. Planen var å gå ned den nordlege ryggen mot Grytåskaret for ta med FInnan 1460 moh oh Titinden 1422, for så å returnere til Bispevatnet. Men eg vurderte ryggen til å vere i det luftigaste laget, fann liksom ingen grei veg inn på den. Trur den hadde vore gangbar om eg hadde kome meg over starten. Men utan noko anna sikringsmiddel enn eigne hender og føt, så returnerte eg same

Under radaren i Grødalen.

Bilde
I helga har eg vore på hyttetur i Grødalen saman med Emil, Sigve, Sigurd, Thea og Ane. Emil skulle arbeide på den gamle seterbua og eg vart med som kjøkkensjef og barne"passar". I Grødalen er det ikkje mobildekning, ikkje eingong gps-signala kom ned mellom fjella, så det vart eit par dagar utan kontakt med omverdenen. Vi var alle einige om at det gikk heilt fint å ikkje vere på facebook og instagram, men vi savna litt moglegheitar for å sjekke værmeldinga. Hadde stadig eit håp om betring, men veret heldt seg stabilt kaldt og vått! Tusen takk for turen folkens, blir gjerne med igjen!! Ved godt mot etter den tunge starten. Plutselig kom vi over eit busstopp oppi lia, men ingen timeekspress! Pannekake er godsaker på fjellet. Kveldskos Det vart spella idiot Innskriving i "manntalet".  Ved Prestsetra i Grødalen. Oppvaskgjengen!