onsdag 31. juli 2013

SUP på Istra, Rauma

Kjøpte meg eit SUP-brett tidlegare i sommar, Stand Up Paddleboard, og etter den nydelige overnattinga på Litjefjellet tok eg turen til elva Istra i Isterdalen. Elva buktar seg idyllisk nedover, og med same stad for start og stopp fekk eg fleire km med fin padling. Elva har litt sterkare strøm enn Røa, som vart gjort med gummibåt tidlegare i år, og det var nokre tre som låg på kryss og tvers. Det eine greide eg ikkje å svinge unna og havna uti, var ikkje akkurat badetemperatur..... men ein kjempefin tur var det! Skal sei det tek ei lita stund å bli trygg på balansen når ein står på brettet, men det kjem vel med trening!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar