Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2013

Kortreiste opplevingar i "godteskåla" - Kajakk og sykling

Bilde
Idag har det vore kortreiste opplevingar i "godteskåla". Først ein tur i kajakk rundt Moldivene, med innlagt solings- og kaffepause. Deretter sykkeltur på stiar og skogsvegar på Skålahalvøya. Rett og slett supre opplevingar rett utafor stuedøra!!

Panoramajakta held fram, Skjerdingshalsen 801 moh, Husnakken 680 moh, Byrkjevollhornet 708 moh og Blåskjerdingen 1069 moh.

Bilde
I går var det endeleg tid for ei panoramajakt igjen. Turen gjekk til Rekdalssetra kor eg sette kursen mot skjerdings-massivet. Første "topp" var Husnakken, som berre er eit punkt på ein rygg, men som er ein topp i Moldepanoramaet. Deretter sette eg kursen mot Skjerdingshalsen før eg tok fatt på ryggen opp mot Blåskjerdingen. Blåskjerdingen har to toppar, den høgaste toppen har eg ikkje vore på før. Etter gange i fin ur stod eg plutseleg på toppen av det høgaste fjellet i Haram kommune. Her kunne eg nyte utsikta og matpakka før eg sette snuten ned igjen. Var veldig usikker på om eg skulle ta Byrkjevollhornet, då det begynte å bli seint på dag og matpakka var litt for lita. Men då eg kom ned under Skjerdingshalsen igjen bestemte eg med for eit skikkeleg raid. La igjen ryggsekken og la i veg i fullt firsprang på ein drøye 4 km omveg (tur-retur). Var passe gåen då eg kom tilbake til ryggsekken igjen, men da var det heldigvis berre nedover og flatt heile vegen tilbake til bilen

Talstadhesten 913 moh

Bilde
Forrige tirsdag tok Tonje, Benthe, Line og eg turen til Fræna for ein etter-arbeidstids-fjelltur til Talstadhesten.  Kjempefin tur i kjempefint ver og med kjempefint turfølge! Utruleg flott utsikt frå toppen! Og, no har eg vore på alle fjell i Fræna kommune! Takk for turen damer, gler meg til neste tur!!

Oppsamlingsheat - fotball, kajakk, motorsag, utsikt, mat og gode vener.

Bilde
Det har vore travle dagar i det siste, her kjem eit lite oppsamlingsheat! Eg har vore og sett Aleksander, den nye fotballstjerna, in action! Hanne og Anette har kjøpt seg kajakkar og eg fekk vere med på jomfruturen! Her er det mykje morro i sikte!! Sommarferien er under planlegging, årets utanlandsturar går til Budapest og Sardinia. Eg har vore "demolition-girl" for mamma, skal sei den verandaen kom kjapt ned med hjelp av ei motorsag og Kåre! Har hatt overnattingsgjestar som har overnatta i ein gummibåt!! Det har vore god mat, vin, skitprat og trivelege folk! Unge frk. Stokke har fått ny hårsveis! Det har vore veldig fint i Moldemarka idet siste, her frå ein kveldstur på sykkel!