Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2011

Reinsfjellet, 994 moh

Bilde
Har idag vore på tur til Reinsfjellet i Gjemnes saman med Synnøve. Fin tur når ein er på jakt etter ferdigtrakka spor til topps! På toppen av Reinsfjellet har ein 360 graders utsyn og ser heile Nordmøre og Romsdal!!

Morgonstemning i Molde

Bilde

Nydelig i Moldemarka for tida!

Bilde
No er det fantastiske forhold i Moldemarka- trikkeskinner, blå ekstra og nydelig solnedgang i ettermiddag! Informasjon om løyper finn du HER .

Kirketaket 1439 Moh

Bilde
Idag har eg vore på ein flott skitur saman med Synnøve og Kåre Henning til Kirketaket i Isfjorden. Finare dag skal ein leite lenge etter- knallblå himmel, sol og vindstille! Trur jaggu meg eg har fått meg eit par fregner idag! Føret var fint og utsikta spektakulær- og alle var einige om at det var ein særs gild tur! Takk for turen!

Brussel

Denne veka var eg ein tur i Brussel for å delta på konferansen Culture in Motion, som presenterte EU sitt kulturprogram. Interessant konferanse, men litt "kokt i hauet" av at all foregikk på engelsk, og ikkje akkurat oxford-style! Så da brukte eg pausar til å leike litt turist i byen. Fasinerande bygningar, tronge gater og smug og artige husmalingar var noko av det byen hadde å by på. Under ligg ein lysbildeserie som viser noko av dette. For å toppe turen var eg så heldig å få vindusplass med utsikt til det flotte vinterveret som Molde hadde å by på!

Oppdal

Bilde
Forrige helg var vi ein gjeng på Oppdal, fantastisk ver og flotte skiforhold!

Hekle-dilla

Bilde
Sidan juletider har eg hatt hekledilla! Hadde aldri prøvd å hekle før, men hadde så lyst på ei "jibbe-hue", så da sette eg igang. Og ei hue vart til mange... Her er eit lite utval av produksjonen!

Raudheia, 669 moh

Bilde
Idag trossa Tonje og eg vergudane og tok turen til Raudheia, på Fursetfjellet. Tonje har kjøpt nytt utstyr og var gira på å teste det. Det var sterk vind, og på toppen var det meir blåis enn skiføre, men begge var einige om at det hadde vore ein fin tur likevel!

EM-gull i skiorientering til Marte!

Bilde
Som sjølvutnemt leiar av fanklubben til Marte Reenaas (siste 14 år..) er det kjempeartig at Marte idag vart Europamester på dagens mellom distanse i EM, som går av stabelen i Ringsaker. Skiorientering er kanskje ikkje ein så kjent idrett, men eg kan skrive under på at det er toppidrett på høgt plan- ikkje enkelt å både gå fort på ski og samstundes lese kart. Gratulerer Marte!! Bilde: ski-o.com

Eg har vorte tante!

Bilde
Onsdag kveld vart eg tante for første gong til ei nydeleg lita jente, som eg var og helsa på igår!

Morgonstemning i Molde

Bilde

Skikjøring på Oppdal

I helga var eg på Oppdal saman med mine to "tantebarn" Thea og Sigve. Etter eit brukbart snøfall dagen før var ikkje forholda så aller verst, fikk til og med kjørt litt pudder inni Ådalen. Men Sigve var opptatt av å vise meg triksa sine, og er er ein liten snutt av eit hopp!

Oslo-tur

Bilde
Var ein snartur i Oslo på ein konferanse, og det var fantastisk å sjå sol og skikkeleg vinterver igjen etter veker med regn og plussgrader!

"Skiskule" i Tusten

Bilde
No er det lenge sidan siste innlegg her, det har vore travle tider med mykje jobbing og det har vore mykje skitver, som ikkje akkurat har frista til sprelske uteaktivitetar. Men for eit par veker sidan var eg "skiskule" i Tusten for to unge nybegynnarar, Eline på 9 og Aleksander på 4 1/2 år. Dei hadde ikkje prøvd slalom før, men tok det lett og var absolutt ikkje redd for fart!!