Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2012

Skarven, 1048 moh, Skorgedalen

Bilde
Endeleg vart det ein dag med ganske bra ver, så heiv meg rundt og kjaur inn til Skorgedalen. Hadde ikkje vore på Skarven før idag, og fekk ein skikkeleg fin tur kor eg til og med fikk sjå sola!
Meir om turen til Skarven finn du her.
HER er film.


















Alnes, Godøya

Bilde
Idag skulle eg på jobbtur til Giske, og hadde litt tid til overs, så da stakk eg ut til Alnes på Godøya. Fin plass, men idag var det ganske ruskete!











Tusenårsvarden

Bilde
Etter ei veke med dårleg ver og mykje innetid, kom eg meg endeleg ut på ski igjen. Turen vart ikkje lang, men rakk ein tur opp til Tusenårsvarden, 523 moh,  mellom bygene! På veg opp var det tidvis påskestemning med sur vind, men idet eg runda toppen av Tusenårsvarden var det så sterk vind at det var vanskelig å halde balansen. Opphaldet på toppen vart ikkje akkurat så langt....Kart finn du her.









Fin ettermiddagstur til toppen av Tussen!

Bilde
Tok ein ettermiddagstur til toppen av Tussen, 750 moh, og fikk nytt ein flott solnedgang på veg opp. Føret i Tusten er ikkje noko å skryte av, ganske hardt og lite snø utafor løypene.








Skåla, 1128 moh, høgaste fjellet i Molde kommune.

Bilde
Idag avspaserte eg og tok ein impulstur til Skåla, og fikk ein nydeleg skitur. Kan vel ikkje seie at skiføret var det beste heile turen, men midtpartiet var ganske bra. Det trengs meir snø!
Frå toppen av Skåla er det ei fantastisk utsikt!