Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2017

Vårskitur i Ljøsådalen - i januar!

Bilde
Eg måtte berre ut. Ut av Molde. Føltes som evigheiter sidan eg ikkje var på jobb eller satt inne i eiga stue. Og skia begynte å støve ned. I Rauma er det mange hytter som er ope for oss alle, mot nokre kroner for overnattinga. Inne i Ljøsådalen, start frå Skorgedalen, ligg Ljøsådalsbu. Ei relativt ny hytte, med plass til 4, vedovn og gassfyr. 150 kroner for ein enkeltperson. Køyrde til Skorgedalen, og starta ut på tur i nesten 10 plussgrader…..det er heilt feil i januar.  Såta, Svartvasstinden/Lille Blåtinden og Måsvasstinden Hadde planer om å gå opp på Gravfjellet på veg til hytta, men det måtte gå ut. Eg brukte så lang tid på å kome meg innover dalen, at det ville ha vorte mørkt før eg kom meg opp og ned. Alle bekkar var opne, store myrparti flaut over av vatn og elvene var som i snøsmeltinga på våren, braddfulle og umogleg å kome over. Den eine elva eg måtte over var kanskje 30 meter brei, men eg måtte mange høgdemeter opp og totalt ein omveg på 2,5 km for å kome