Vårskitur i Ljøsådalen - i januar!

Eg måtte berre ut. Ut av Molde. Føltes som evigheiter sidan eg ikkje var på jobb eller satt inne i eiga stue. Og skia begynte å støve ned. I Rauma er det mange hytter som er ope for oss alle, mot nokre kroner for overnattinga. Inne i Ljøsådalen, start frå Skorgedalen, ligg Ljøsådalsbu. Ei relativt ny hytte, med plass til 4, vedovn og gassfyr. 150 kroner for ein enkeltperson.

Køyrde til Skorgedalen, og starta ut på tur i nesten 10 plussgrader…..det er heilt feil i januar. 


Såta, Svartvasstinden/Lille Blåtinden og Måsvasstinden
Hadde planer om å gå opp på Gravfjellet på veg til hytta, men det måtte gå ut. Eg brukte så lang tid på å kome meg innover dalen, at det ville ha vorte mørkt før eg kom meg opp og ned. Alle bekkar var opne, store myrparti flaut over av vatn og elvene var som i snøsmeltinga på våren, braddfulle og umogleg å kome over. Den eine elva eg måtte over var kanskje 30 meter brei, men eg måtte mange høgdemeter opp og totalt ein omveg på 2,5 km for å kome over elva.

Dei siste solstrålane skin på Vengetindan
Men, for ein solnedgang eg fekk med meg! Bak meg var himmelen blå. rosa, gul, mørkeraud og oransje. Framom meg var landskapet farga lyserosa. Det er nesten så ein ikkje trur deg, skulle berre å sett seg ned og sett på alt til det vart mørkt. Eg kom fram til hytta medan alt var rosa, og det var like før mørket kom.

Smørbotn og Gravfjellet
Måsvasstinden og ryggen opp til Loftskarstind

Ljøsådalshytta
Eg var både svolta og litt småkald, så det var berre å få fyr på omnen, på med tørre kler og få fyr på gassen. Utruleg kor godt maten smakar når ein er på tur! Vart rett så døsig der i varmen frå vedovnen, så det vart ein tidleg kveld.


Til frokosten kunne eg nyte soloppgangen og det flotte lyset, før eg pakka saman. Hadde planer om ein runde over Storblåtinden, Måsvasstind, Loftskarstind, Galtåtind og Snortungen før retur til Skorgedalen, men det var så sterk vind at eg gjorde om på rutevalget. Så første stopp vart Måsvasstinden før eg staka bort til Storblåtinden og skrensa meg ned bratta på isskaren. Takk for gode stålkantar!!

Det er ikkje lenge før sola kjem og alt er rosa og lyseblått
Alle tre veks inn i himmelen....
Super utsikt til nokon av dei store i Romsdalen!
Sur vind på toppan!
Utsikt frå Måsvasstinden og ut Ljøsådalen
På Nordmøre låg skodda mellom fjella
Lille Blåtinden/Svartvasstinden nærast
Det var framleis tidleg på dag, så eg kunne ikkje gje meg no. Bestemte meg for å gå oppom Gravfjellet på retur, så eg sette kursen i retning hytta, men heldte meg høgt oppe i sida under Såta og i retning Såtskaret, for å spare meg høgdemeter. Sola var endeleg kome fram, og eg kjente den varme i fjeset under lunsjen. Elva som rann ut frå Såtskarvatnet var open, men heldigvis var det så lite vassføring at det berre var å spasere over. Turen til topps på Gravfjellet er jamn stigning, ingen problem med å finne vegen. 

Ved Såtskarvatnet
Turen til topps på Gravfjellet er jamn stigning, ingen problem med å finne vegen. 


På toppen av Gravfjellet


Oppe på toppen var det nok ein gong sur vind, og det var berre å få av fellene og finne ut kva veg eg skulle ta ned. Landa på å køyre ned på sør-vest sida, der er det ei lita fin»renne» eller skal vi seie glenne, kor det var fine slusj-forhold. Med å halde godt innover dalen til høgre (mellom Gravfjellet og Smørbotn) kom eg meg over elva på same punkt som på turen innover, og slapp lang omveg. Så var det berre å stake, hoppe og skli seg over blauthola tilbake til bilen.

Kart over turen:



Bomveg opp til Skorgedalen, betaling med kort.








Kommentarer