Innlegg

Viser innlegg fra august, 2014

Panoramajakta held fram; Taskedalstinden 1609 moh, Innfjorden

Bilde
I går var det tid for å utforske fjella rundt Bøstølen i Innfjorden, eit område eg har besøkt lite før. Benthe, Tonje, Sigri og eg hadde bestemt oss for Taskedalstinden. Det var lite info å finne om ruta dit, og den einaste omtalen viste start ved stien til hytta "fattig og rik" (kart med rute innteikna nedst på sida).  Etter rask pakking, la vi avgarde på fin sti inn til hytta "fattig og rik". Dette er ei open hytte som alle kan nytte seg av. Derifrå var ruta litt meir uklar, det var iallefall fint lite med sti...så vi sette kursen rett gjennom skog og kratt og kryssa oss oppover mot Taskedalskollen (1028 moh). Leggane våre såg ut som vi hadde vore i kamp med ein katt, men steminga steig når vi kom oss over skoggrensa, og føret vart enklare. Storvatnet, med Overøyestolen bakanfor Endeleg godt føre! Fjell og lyngrabbar gjorde føret betre. Utsikta vart betre og betre og snart kunne vi sjå store delar av Romsdalen og Sunnmøre. Trollvasstindan og

Moldivene - balsam for sjela!

Bilde
Etter heftig arbeidsveke var det heilt nydeleg å starte helga med padletur rundt Moldivene. Lukta av sjø, heilt stille, fuglar og fisk som spratt- kan ikkje bli så mykje betre start på ei helg!