søndag 31. august 2014

Panoramajakta held fram; Taskedalstinden 1609 moh, Innfjorden

I går var det tid for å utforske fjella rundt Bøstølen i Innfjorden, eit område eg har besøkt lite før.
Benthe, Tonje, Sigri og eg hadde bestemt oss for Taskedalstinden. Det var lite info å finne om ruta dit, og den einaste omtalen viste start ved stien til hytta "fattig og rik" (kart med rute innteikna nedst på sida).  Etter rask pakking, la vi avgarde på fin sti inn til hytta "fattig og rik". Dette er ei open hytte som alle kan nytte seg av.



Derifrå var ruta litt meir uklar, det var iallefall fint lite med sti...så vi sette kursen rett gjennom skog og kratt og kryssa oss oppover mot Taskedalskollen (1028 moh). Leggane våre såg ut som vi hadde vore i kamp med ein katt, men steminga steig når vi kom oss over skoggrensa, og føret vart enklare.

Storvatnet, med Overøyestolen bakanfor
Endeleg godt føre!
Fjell og lyngrabbar gjorde føret betre. Utsikta vart betre og betre og snart kunne vi sjå store delar av Romsdalen og Sunnmøre.
Trollvasstindan og Litlevasstind
Overøyestolen, Rollsbottsskorkja, Lauparen og Brudefølgjet

Tonje hadde ein skikkeleg dårleg dag etter sjukdom og valde å snu eit lite stykke under Taskedalshornet.


Vi andre gjekk vidare opp til Taskedalshornet (1406 moh). Det kan sjå bratt og småvanskelig opp dit, men det var fin sti som var varda.



Stein på stein....
Grønnfonnfjellet og Taskedalsvatnet

Vel oppe på Taskedalshornet såg vi endeleg toppen, langt der borte...Så var det berre å trampe vidare gjennom stein til vi hadde igjen knappe 100 høgdemeter til topps.

Endeleg såg vi toppen, langt der borte....




100 høgdemeter før toppen starta ein litt smalare egg. På avstand kunne den sjå skikkeleg spenstig og småvanskeleg ut,  men det var berre på avstand. Her mista vi Sigri, og eg og Benthe tok fatt på siste innspurt. Eggen var ikkje vanskeleg i det heile teke, ingen vanskelege punkt, og endte opp i ei renne til toppen. Oppe var det super utsikt til store delar av Sunnmøre, Romsdalen og Nordmøre.

Benthe trippar bortover eggen!

Midagstind og Skjervan i sikte
Vi tok oss tid til fotografering før vi sette snuten tilbake til Sigri i sola.

Det er viktig å komme opp PÅ toppen!
Toppeggen
God stemning på toppen!
Happy panoramajeger!





Vi tok samme rute tilbake, heilt til Taskedalskollen. Der braut vi av ned mot Taskedalen og Taskedalshytta. Lia var mykje enklare enn lia opp frå "fattig og rik", og det var kanskje 50 meter med kratt. Vel nede ved Taskedalshytta fikk vi eit villt innfall og bada i kaldt og friskt fjellvatn. Etter forfriskande bad fulgte vi kjempefin sti heile vegen ned til Bøstølen igjen. Turen ned var verkeleg fin, dette er eit område eg skal tilbake til.






Taskedalen, med Grønnfonnfjellet til venstre og Brekkehornet midt i.
Taskedalen, kor vi bada!
Kjempefin sti ned Taskedalen





Tonje stod klar med bilen og vi susa til Åfarnes, kor is og brus var veldig godt. 
Avslutta ein nydeleg dag på fjellet med hjortebiff og raudvin saman med Tonje og Benthe.

Tusen takk for ein super dag Sigri, Tonje og Benthe!
Panoramatopp nr. 139 i boks!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar