Leste første gong om Blåfjellet og hytta Blånebu i ein kortreist-reportasje i Romsdals Budstikke for eit par år sidan. I fjor prøvde eg meg på fjellet, men måtte snu pga. null sikt og kjempetjukk skodde.
Fredag prøvde eg meg på nytt og kom meg opp på toppen og kunne nyte den storslagne utsikta. Når eg først hadde slukt unna ein del høgdemeter fortsette eg turen til dei to neste toppane, Inste- og Ytste Åbittinden. Frå Ytste Åbittinden er det ein kvass egg over til Trolltind, som er eit ynda skitur-fjell. Utsikta frå toppen var kjempe, men bilda er tatt med mobil, så ikkje all verdens kvalitet.
Blåfjellet er stikk-ut post i Nesset, og ein kan finne meir info om turen på www.morotur.no og dersom du lastar ned appen morotur, både for iphone og android. Gratis!
 |
Blånebu, på toppen av Blåfjellet |
 |
Utsikta frå Blåfjellet mot Inste og Ytste Åbittind |
Gikk turen der i går..i nydelig vær..opp til Blåfjellet, og indre og ytre Åbittind..bor i distriktet. Og turmålene her er mange,og fine
SvarSlettHvor lang tid brukte du fra Blåfjellet til ytre Åbittind?:)
Slett