Innlegg

Viser innlegg fra august, 2017

Panoramajakta held fram; Litje Vikesoksa 1765, Nesset/Sunndal

Bilde
Hevnen er søt!
I fjor skulle Benthe og eg prøve oss på Vikesoksa, og hadde same plan som eg hadde for denne turen. Då viste det seg at yr lova litt for mykje, og vi endte med å sette snuten heim igjen etter ei overnatting på Jønnstadsetra. Det viste seg at det var akkurat på same dato i 2016 vi prøvde turen, så greit å få tatt hevn innan året var omme!

Starten for turen er på Brandstad øverst i Øksendalen. Herifrå er det ca 4 km fin grusveg inn til Jønnstadsetrene. Fin sykkeltur, og supert å kunne trille tilbake til bilen på heimeveg. Sykla inn til setrene og sette igjen sykkelen bak ei bu. I følge boka "Toppturar i Sunndal" skal det gå sti oppover på høgre side av elva. Denne er ikkje skilta frå setra (så vidt eg kunne sjå) og eg fann ikkje heilt starten på den. Det endte med at eg meir eller mindre gjekk rett opp og klura skikkeleg. Men, litt flaks skal ein ha. Skyane vart stadig mørkare og eg rekna med at det var snakk om minutt før eg vart innhenta av regnet eg såg gjek…

Panoramajakta held fram; Smørbotntindane og Gråfonnfjellet, Småhola, Rauma

Bilde
På det tredje skal det skje!
To gonger før har eg prøvd meg på nokre toppar rundt Småhola i Rauma. Det er mellom Innfjorden og Slettvikane, Norddal. Dei to forrige gongane har eg vorte stoppa av dårleg ver og snudd, men denne dagen såg det særs lovande ut. Sol, blå himmel og shorts-føre!
Frå Slettvikane er det raudmerka sti over til Småhola, så første del er transportetappe. 
Frå Småhola sette eg kursen rett opp i retning av Smørbotntinden aust langs lyngrabbar og ur. Det er fleire renner ned frå toppane, og plutseleg var eg oppe på Smørbotntinden vest. Hadde tatt feil renne opp, men bestemte meg for å gå bortom der på retur. 
Oppe på toppen såg eg regnbyger som gjekk i området rundt Bøstølen, håpa den ikkje nadde meg, men var kjapp med å få klede og fotoapprat ned i vasstett pose. Det vart litt surt, så var berre å legge av garde i retning Gråfonnfjellet. Kjedeleg strekke bort dit, men greit å få gå i litt slakkare terreng også. Same veg tilbake til Smørbotnstinden vest.
Etter eit o…

Panoramajakta held fram i Trandal - var eg på toppen? Var iallefall på Trandalshatten

Bilde
Under frokosten på Trandalssetra kom og gjekk skydekket. Eg vurderte turmål, men vart ikkje heilt einig med meg sjølv. Til slutt landa eg på Saudehornet, nabotoppen til Trandalshatten. Var litt sliten etter dagen før, så det frista mest med ein tur kor eg kunne gå på sti heile vegen! Før eg var ferdig med andre kaffekopp var skodda så tjukk at det draup frå ho. Bestemte meg for å avvente litt og låg og slumra og las bok. 
Etter eit par timar bestemte eg meg for å pakke sammen og prøve på tur, satsa på at eg kom over skydekket. Dagen før skodda opp til ca. 700 moh. 
Det er tydeleg og delvis merka sti opp til Trandalhatten, så ingen problem å finne vegen. Starten på stien er frå ein sving i setervegen, ca. 250 moh.  

Det gjekk som eg håpa, omtrent på 700 moh, skodda vart plutseleg tynn og sola kom gjennom. Like fint denne dagen som dagen før, men no såg eg tilbake på gårsdagens toppar.

Tok ein matpause, sola meg og nytte utsikta. Trandalstinden stod der som ein majestet, og eg bestemte me…