Panoramajakta held fram i Trandal - var eg på toppen? Var iallefall på Trandalshatten


Under frokosten på Trandalssetra kom og gjekk skydekket. Eg vurderte turmål, men vart ikkje heilt einig med meg sjølv. Til slutt landa eg på Saudehornet, nabotoppen til Trandalshatten. Var litt sliten etter dagen før, så det frista mest med ein tur kor eg kunne gå på sti heile vegen! Før eg var ferdig med andre kaffekopp var skodda så tjukk at det draup frå ho. Bestemte meg for å avvente litt og låg og slumra og las bok. 

Etter eit par timar bestemte eg meg for å pakke sammen og prøve på tur, satsa på at eg kom over skydekket. Dagen før skodda opp til ca. 700 moh. 

Det er tydeleg og delvis merka sti opp til Trandalhatten, så ingen problem å finne vegen. Starten på stien er frå ein sving i setervegen, ca. 250 moh.  


Det gjekk som eg håpa, omtrent på 700 moh, skodda vart plutseleg tynn og sola kom gjennom. Like fint denne dagen som dagen før, men no såg eg tilbake på gårsdagens toppar.

Molladalstindane
Tok ein matpause, sola meg og nytte utsikta. Trandalstinden stod der som ein majestet, og eg bestemte meg for å gå oppom der på turen.





Molladalen
Oppe i skaret mellom Trandalstinden og Saudehornet er det berre å følge ryggen opp mot Saudehornet. Var spent på kva som møtte meg på toppen, kom eg meg opp eller var det utfordringar der? Ikkje lett å finne særleg mykje informasjon om denne toppen, så visste ingenting. Ingen problem til det gjensto nokre få høgdemeter. Vart veldig usikker på vegvalet, den siste hammaren var bratt, "blank" og eg såg ikkje ei klar rute til topps. Prøvde å gå rundt på undersida, men lukkast ikkje der heller. Så innsåg at det vart bomtur. Måtte sette meg ned å sture litt...Utruleg kjipt å vere så nær, men ikkje kome seg opp.



Har i ettertid brukt ein del tid på å sjå på bileta eg tok. Har kome fram til to ting: For det første, var eg på toppen? Biletet under er teke frå andre sida av fjorden, kva er eigentleg toppen? Dersom det er den definerte smale toppen, kom eg ikkje opp. Er det høgda før har eg vore der. For det andre, eg trur eg har funne ut korleis eg kan komme meg opp. Kanskje burde eg ha prøvd litt til? jaja, det blir berre å reise tilbake for ny tur!


Rånå lengst bak
Frå Saudehornet er det nydeleg utsikt, og Trandalhatten viser seg fram. Etter å ha sutra ferdig, gjekk eg ned igjen og opp på Trandalhatten. Det er to parti som er litt bratte rett under toppen, men her er det lagt ut kraftige tau som ein kan halde seg fast i.

Trandalhatten
Tilbake mot Saudehornet frå namnlaus nabotopp 1218 moh 
Saudehornet og Tungremtindane


Råna og Hjelledalstindane
på toppen av Trandalhatten




Nede på ca 700 moh var det å gå inn igjen i skodda, temperaturen vart drastisk lågare. Nede ved bilen var det å få på tørre klede og lag ein betre pose-middag! Det går berre tre ferger frå Trandal på ein søndag, så eg måtte vente litt. Det tok mange timar før eg endeleg var heime, fergene på E39 er ikkje synkronisert, så det vart 50 min venting på Vestnes. Men om ikkje anna så var det  nydelege fargar på himmelen.





Sjølv om det vart bomtur, så er det fleire toppar å ta frå Trandal, så eg må tilbake uansett. Artig å reise til nye stader, å vere litt turist i eige fylke.

Under kart over turen:

Kommentarer