Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

Panoramajakta held fram; Vestre Litjeskjorta 1480 moh, Eresfjord/Øksendalen

Bilde
Årets ferie starta eg med å jakte på Vestre Litjeskjorta mellom Øksendalen og Eresfjorden. Starta turen frå Brandstad øvst i Øksendalen og følgde T-merka sti opp til Brandstadsskaret, kor eg slo opp telt og åt middag. Legg til bildetekst Brandstadskaret Fløtatinden og Trondskjortetinde Kan ikkje klage på teltplassen! Etter middag med dessert var det godt med ein liten cowboy-strekk Plana var å prøve meg på Vestre Litjeskjorta etter ein liten middagskvil i sola. Har tidlegare vore på Litjskjorta på ski, og bestemte meg for å gå opp dit og følge rygg/egg over til neste topp. La i veg oppover, og ikkje lenge etter stod eg på toppen. Etter litt dokumentering sette eg kursen mot Vestre Litjskjorta. Følgde rygg nedover, aldri smal, men kom til eit punkt kor eg ikkje såg utgangen og kor det var litt lite med tak. Med alderen kjem alle konsekvensutgreiingane, så eg vurderte det til at det var best å snu. Det var kanskje like greit, for borti Trollveggen såg eg

Panoramajakta held fram; Litje Breitinden 1720 moh, Trollstigen/Romsdalen

Bilde
Eg stakk frå jobb etter lunsj og hadde bestemt meg for å kome meg på Litje Breitind. Eg har prøvd før, men det har enten vore for mykje snø eller klink-is. Toppen er ganske så bratt på begge sider, så greit med trygge forhold. La av garde i shorts og joggesko, skiføre var det lite av sjølv om eg måtte krysse nokre snøparti. Like artig kvar gong ein går gjennom og skrapar opp lår og leggar på stein... Vel oppe på toppartiet på Breitind var det berre å spasere bort på toppen, kor eg kunne nyte matpakka og utsikta. Hadde IKKJE lyst til å starte på heimturen, skulle ha overnatta der oppe, men skulle jo på jobb dagen etter, så var berre å sette snuten heim. Eg svinga oppom Breitind før eg småjogga ned igjen. Endeleg ein ny panoramatopp - nr 168! Dagens mål til høgre i bilete Trollveggen i all sin prakt Delar av Finnan, Titlndan, Bispen, Kongen og Dronninga. I det fjerne Skjervan.  Nærmar meg toppen! Bakerst Skardfjellet, så Skardfjellet Nord og til slutt ryggen f

Panoramajakta held fram; Staveskoren / Storgladnebba 1505 moh, Eresfjord / Øksendal

Bilde
Staveskoren eller Storgladnebba mellom Øksendalen og Eresfjorden har eg prøvd på før, men måtte snu pga store snøskavlar og hardt føre. Men plutseleg var det meldt ein dag med fint ver, og eg hyva meg rundt og køyrde inn til Kanndalssetra i Eresfjord. Der slo eg opp hotellet for natta og gjorde meg klar til ein særs tidleg start, då eg måtte vere heime før 15. Så med godt mot la eg avgarde i 6-tida - i shorts! Eg følgde godt merka sti frå setra opp til Nordmørs/Romsdalsskaret, kor eg tok av oppover mot Gråfjellet og Ryssdalsnebba. Ein liten matpause på turen før eg gassa på vidare, syntest klokka gikk litt for fort... Vel oppe på Ryssdalsnebba vurderte eg avstand og terreng og lurte på om eg kunne rekke tur-retur. Tenkte at no er eg så nære, ikkje svarte om eg skal snu nok ein gong. Det er berre å gå all in og starte blodgymmen. Gikk så fort det var mogleg i urda ned til lågaste punkt mellom Ryssdalsnebba og Staveskoren/Storgladnebba. Slengte frå meg ryggsekken og tok med fotoappa