Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2010

Stiv kuling

Bilde
Idag tok eg ein søndagstur med bil ut til Farstadsanda og Atlanterhavsvegen. Vermeldingane meldte stiv kuling på strekninga, og eg håpa at eg kunne få tatt nokre bilder med vind og vatn involvert. Og det fikk eg! Herrlig med litt skikkelig vind, men glad eg ikkje var på havet...

Nydeleg utsikt

Bilde
Det har vore nokre triste dagar, vermessig sett, men gløymer det fort når ein får slike augneblink som dette på eigen veranda!

Haust møter vinter

Bilde
Det har vore vinterlege tilstandar her i slutten av oktober, men idag viste gradestokken 13 varme grader, så vinteren er nok borte for denne gongen. Men håpar den ikkje er så langt unna! Var på ein liten luftetur/fotoekskursjon i Moldemarka her ein dag, utruleg fint når haustfarger og snø kjempar om oppmerksomheita!

Stisykling på Ranna, Silsetfjellet

Bilde
Etter at eg har investert i ny sykkel har eg verkeleg fått sansen for stiar og meir tekniske parti, artig når ein har sykkel som er meir egna for formålet! Idag har eg vore å sykla opp Ranna på Silsetfjellet i Batnfjorden. Starta frå Indergardssetra (så langt ein kjem med bil) og var ved godt mot. Etter ein drøy times sykling snudde eg pga. skodde og regn, og det finaste partiet gjensto...MEN, det skal takast ein anna gong! For ruter og kart, klikk her

Overnatting under open himmel

Bilde
I helga var eg på overnattingstur under open himmel, nærare bestemt på Steinmerra 772 moh, på Silsetfjellet i Batnfjorden. Nydeleg tur kor eg fikk med meg både solnedgang, stjernehimmel og soloppgang, i tillegg til flott fjelltur både fredag og lørdag. Anbefales!

Stisykling i Molde

Bilde
Det har vore ein skikkeleg fin haust og med dei temperaturane som er no for tida, har eg fått mange fine sykkelturar.Har investert i ny sykkel som er ein fryd å sykle på, Spcialized Stumpjumper, så no har eg testa ut mange nye stiar i det siste. Legg ved nokre bilder som er teke med mobilen, så ikkje alle verdas kvalitet...

Romsdalseggen

Bilde
Gikk i går Romsdalseggen, frå Venjesdalen til Åndalsnes. Denne turen kan absolutt anbefalast!!! Turen går på kanten av Romsdalen med ei fantastisk utsikt til tindar og pinaklar, djupe dalar og fjell og heilt ut til Hustadvika. For å sitere brosjyra ein får utdelt på bussen til Venjesdalen: "Romsdalseggen er balkongplass til et drama hvor aktørene er de villeste fjellene i Norges land. Etter hvert som man beveger seg langs eggen opptrer de en etter en: Kongen, Dronninga, Romsdalshorn, Store Trolltind, Store Venjestind. For ikke å snakke om Trollveggen med tanngarden av forrevne trolltinder. Som bakteppe skimtes Trollstigen, Molde by og Norskehavet." Det går buss frå Åndalsnes til Venjesdalen kvar dag kl. 09.30 fram til og med haustferien, så det er vel ikkje noko å vente med???