Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2012

Stisykling på Skåla

Bilde
Når eg forrige laurdag gjekk langs Røa så tenkte eg at det hadde jo vore rett så fint å sykla her også. Så idag tok eg sykkelen på biltaket og sette kursen mot Skåla. Starta på samme plass som forrige laurdag og fulgte elva oppover til Kroken. Der vart det alt for kronglete og tett, så fulgte sti langs kraftlinja, som etterkvart gikk over i fin sti og skogsveg. Desverre tok denne slutt i mi retning (den gikk tilbake igjen mot Hovdenakken) og eg tok fatt på ca 1.5 km med trilling i særs vått og ulendt underlag. Var glad då eg kom inn på skogsveg frå/mot Solemdalssetra. Etter ei stund på fin sti kom eg til slutt inn på grusveg. Denne fulgte eg vidare retning Solemdalen og tok av rett etter bru over Røa ned til venstre. Fulgte då denne vegen som gikk over i grusveg til den kom inn på hovudvegen igjen. Sykla så hovudvegen tilbake til utgangspunktet. Kart her. Gode moglegheiter for at ein film kjem om ikkje lenge.

Panoramajakta held fram, Liahornet (726 moh) og Båten (819 moh), Vestnes

Bilde
Endeleg ei helg utan snekkering og innearbeid, så var rask med å komme meg ut på tur. Nesten ein månad sidan forrige panoramafangst, så sikta meg inn på top toppar på andre sida av fjorden. Tok ferga over fjorden og køyrde til Vik, rett før Tomrefjorden. Parkerte på parkeringsplass på venstre side av vegen og fulgte fin og tydeleg sti heile vegen til topps på begge toppar. Kjempeutsikt når ein kjem over skogen, og ein fin tur! Mot Oterfjellet og Melen Molde med Urdfjellet og Kvannfjellet som kvite toppar bak. Blåskjerdingen Liahornet 726 moh Frå venstre: Remmemstind, Litjetind, Ystetind og Brustind Brustind og Sandfjellet, dei to forrige panoramatoppane Skåla litt til høgre i bildet Mot Svartevasstinden, Prosten og fjella i Rauma På toppen av Båten 819 moh Molde Brustind

Travle tider- sauesanking, skogstur og nasjonal turistveg

Bilde
Har bygd nytt kjøkken og pussa opp badet dei siste vekene, så det har ikkje vore så mykje blogging. Men, her kjem eit raskt blikk over dei siste vekene! ØYGARDEN USERIØSE SAUESANKARLAG PÅ TOKT Mot Batnfjordsøra og Åndal Gjemnes, Bergsøya, Aspøya, Frei og Tustna Storbonden og Odelstausa! Ein av toppane på Tørrisetnebba Reinsfjellet i solnedgang Mot Tustna og Smøla Tørrisetnebba Aldeles nydelege farger når sola var på veg ned MOLDEPANORAMAET oktober 2012 VANDRING LANGS RØA 13 oktober Langs Røa på Skåla er det tett mellom perlene, og eg tok meg ein gåtur eit stykke oppover elva forrige helg. Kart over ruta finn du her . Langs elva er det fin sti og mange fine plassar å raste. NASJONAL TURISTVEG - ATLANTERHAVSVEGEN BUD-BRUHAGEN Var på jobbtur langs Nasjonal Turistveg denne veka, og vi var rett så heldige med veret. Bud Blikkstille på Hustadvika Kvernes Gamle Stavkirke Gjemnessundbrua sett