søndag 21. oktober 2012

Stisykling på Skåla

Når eg forrige laurdag gjekk langs Røa så tenkte eg at det hadde jo vore rett så fint å sykla her også. Så idag tok eg sykkelen på biltaket og sette kursen mot Skåla. Starta på samme plass som forrige laurdag og fulgte elva oppover til Kroken. Der vart det alt for kronglete og tett, så fulgte sti langs kraftlinja, som etterkvart gikk over i fin sti og skogsveg. Desverre tok denne slutt i mi retning (den gikk tilbake igjen mot Hovdenakken) og eg tok fatt på ca 1.5 km med trilling i særs vått og ulendt underlag. Var glad då eg kom inn på skogsveg frå/mot Solemdalssetra. Etter ei stund på fin sti kom eg til slutt inn på grusveg. Denne fulgte eg vidare retning Solemdalen og tok av rett etter bru over Røa ned til venstre. Fulgte då denne vegen som gikk over i grusveg til den kom inn på hovudvegen igjen. Sykla så hovudvegen tilbake til utgangspunktet.

Kart her.

Gode moglegheiter for at ein film kjem om ikkje lenge.











2 kommentarer:

  1. Hei, jeg har et spørsmål! Jeg ser du syklet en langtur på racersykkel hvor du blant annet syklet mellom Åndalsnes og Innfjord. Hva gjør man med Innfjordtunnelen? Sykler man gjennom, eller går det an å sykle rundt? Har lyst til å prøve selv, men bor ikke i nærheten av området og har ingen mulighet til å sjekke selv!

    - Lars

    SvarSlett
  2. Hei!
    Eg sykla gjennom Innfjordstunellen. Det skal vere mogleg å komme seg forbi på yttersida langs den gamle vegen, men da bør ein ikkje ha racer-sykkel og så bør ein rekne med litt trilling. Med refleksvest på gjekk det bra å sykle gjennom tunellen!
    Mvh Carina

    SvarSlett