Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2013

Panoramajakta held fram, Remmemstind (1090 moh) og Litjetind (960 moh), Vestnes

Bilde
Søndag sette Tonje og eg kursen mot Vestnes og hadde som mål å komme oss opp på dei to toppane Remmemstind og Litjetind. Vi køyrde mot Remmemssetra (bomveg) og parkerte på stor parkeringsplass kor vegen vidare var stengt med bom. Turen gikk vidare langs veg og fin sti til Hellandssetra. Derifrå tok vi litt feil og var plutseleg eit godt stykke utanfor stien, så vi måtte traske gjennom søkkvåt myr til vi kom oss bort til ryggen som leda oss opp mot Heia. Oppe på Heia flata det litt ut før vi begynte på ny stigning opp eggen. Utsikt mot Skåla Tørst skugge På Heia Første del av eggen var fin å gå på og ikkje spesielt bratt/luftig. Halvvegs oppe på eggen vart det straks mykje brattare og meir luftig. Med unntak av eit par punkt, som vi omgikk til høgre, så kom vi oss opp eggen. Eggen var litt for bratt etter Tonje sin smak, men ho kom seg opp og var lettare rusa på livet på toppen. Snakk om å bryte barrierer!!  Siste partiet bort til toppen var relativt flatt. Bak

Øygarden Useriøse Sauesankarlag 2013

Bilde
Sauesanking er eit årleg høgdepunkt, og eg har også dette året stempla inn for Øygarden Useriøse Sauesankarlag fleire gonger. VI har hatt fleire turar, for det meste i fint ver, og alt av sau er no nede frå fjellet og på veg til å bli julemat! Takk for turen og morroa til alle som har vore med! Batnfjorden Viktig å nyte utsikta innimellom! Eit av "jakt-laga" Ein del av deltakarane hausten 2013 Det er viktig med ein god sporhund! Bonden sjølv nyt utsikta!