Panoramajakta held fram, Remmemstind (1090 moh) og Litjetind (960 moh), Vestnes

Søndag sette Tonje og eg kursen mot Vestnes og hadde som mål å komme oss opp på dei to toppane Remmemstind og Litjetind. Vi køyrde mot Remmemssetra (bomveg) og parkerte på stor parkeringsplass kor vegen vidare var stengt med bom.

Turen gikk vidare langs veg og fin sti til Hellandssetra. Derifrå tok vi litt feil og var plutseleg eit godt stykke utanfor stien, så vi måtte traske gjennom søkkvåt myr til vi kom oss bort til ryggen som leda oss opp mot Heia. Oppe på Heia flata det litt ut før vi begynte på ny stigning opp eggen.

Utsikt mot Skåla
Tørst skugge

På Heia


Første del av eggen var fin å gå på og ikkje spesielt bratt/luftig. Halvvegs oppe på eggen vart det straks mykje brattare og meir luftig. Med unntak av eit par punkt, som vi omgikk til høgre, så kom vi oss opp eggen. Eggen var litt for bratt etter Tonje sin smak, men ho kom seg opp og var lettare rusa på livet på toppen. Snakk om å bryte barrierer!!  Siste partiet bort til toppen var relativt flatt. Bak den imponerande flotte varden kunne vi nyte matpakke, kaffe og sjokolade.

Egg-klyvar
Første del av eggen

Remmemstind, Litjetind og Ystetind

Pust i bakken på ei fjellhylle

Slik ser ein barriere-brytar ut!!! 








Etter ein god rast sette vi kursen mot neste topp, Litjetind 960 moh. Frå Remmemstind var det raudmerka sti ned til skaret mellom toppane, og turen oppom Litjetind tok ikkje lange tida. Etter å jubla over nok ein panoramatopp, starta vi på den litt "kjedelege" transportetappa tilbake til Hellandssetra og bilen.

Avslapping på Litjetind


Balansekunst






I skaret mellom Remmestind og Litjetind


Fornøgde på dagens andre topp!

Dette var panoramatopp nr. 105 og 106 for underteikna, ikkje lenge til prosjektet er halvvegs!

Det var ein aldeles nydeleg dag på fjellet og (med små unntak av ruta) begge var einige om at det hadde vore ein fin tur! Takk for turen Tonje!

Kommentarer