Innlegg

Viser innlegg fra april, 2011

Skogstur og sommarstemning!

Bilde
Har hatt Eline og Aleksander på overnatting, og idag har vi vore på ein fin skogstur. På turen fekk vi både sett og hørt fuglar, plukka blomster, ete kvikk-lunch, sett på kongler og funne ein leikeplass eller to på vegen. Ein lang tur for korte føt, men da hadde vi heldigvis ledig plass på ryggen. Snakker om flott start på helga!

Sykkelsesongen er igang!

Bilde
No er sykkelsesongen endeleg skikkeleg igang, har vore ute både med racer´n og terrengsykkelen. Idag har eg tatt ein omveg heim frå jobb gjennom Retiro-skogen, katthola, stien frå Eikrem til Mårskrenten og over Nordbyen. Fantastisk å sykle på fine, TØRRE stiar omkransa av kvitveis i full blomstring!

Morgonstemning på Moldefjorden

Idag starta eg dagen litt tidleg med ein kajakktur på Moldefjorden. Blikkstille og sola titta fram, fekk til og med sett eit par niser som kryssa seg fram og tilbake mellom land og holmane. Bra start på dagen!!

Kajakksesongen er igang!

Bilde
Det var ein nydeleg start på kajakksesongen på Batnfjorden idag! Sjekk ut filmen og bilda!

VÅR - eller skal vi seie sommar??

Bilde
Idag har det vore ein nydeleg vårdag, eller sommardag om ein vil. Knallblå himmel og sol, årets første t-skjorteskille er i boks! Har tilbragt mesteparten av dagen saman med Eline og Aleksander, og vi har opplevd litt av kvart- til og med eit av vårens store mirakel- lamming! Vi helsa og på dei nyfødte firlingane på Øygarden!

Fløtatinden, 1711 moh

Bilde
I går tok eg og Marte turen til Fløtatinden, som ligg mellom Øksendalen og Eikesdalen. Turen starta på beina, var tyn med snø i starten av turen. Etterkvart var det på med skia og tråkle seg oppover skogen. Til ein er over skoggrensa og opp mot Saufjellet stig det bra på, og kondisen fikk kjørt seg. Undervegs fekk vi helse på ein særs våryr rype-stegg som markerte sitt territorium! Det var godt å komme seg opp på Saufjellet, både fordi ein endeleg såg toppen og fordi det vart eit litt slakare parti- som gjorde godt for kondisen og tunge bein. Siste stigninga opp til toppen var dryg og det var utruleg godt å komme seg opp. Utsikta frå toppen av strålande!! Første del av nedturen var det kjempefint føre, men etterkvart vart det meir og meir sugande før det gikk over til gjennomvåt slush. Etter kreativ skiføring gjennom skogen, over bekkar og gras-parti var vi nede igjen, og var einige om at det hadde vore ein kjempetur! Takk for turen Marte!

Raudheia, 669 moh, Fursetfjellet

Bilde
Idag spaserte eg litt av og tok ein kjapp tur på Raudheia på Fursetfjellet. Turen opp gikk lett takket vere minusgrader inatt, og det gikk i overkant fort ned igjen på fjellskia på skaren!! Flott tur, men det begynner å bli tynt med skiføre enkelte stader!

Hyttehelg på Venabygdsfjellet

Bilde
Ei lenge planlagt skihelg saman med Marte og Kjersti vart endeleg gjennomført forrige helg. Turen gikk til Venabygdsfjellet i Ringebu. Lørdag var det kjempefint ver, men tildels sterk vind. Men vi prøvde langrennsskia likevel og fikk oss ein fin tur og nye fregner. Søndagen vart brukt til "topptur" til Muen, 1424 moh. Det var ikkje meir snø enn kva det var bruk for....Men vi fikk nokon fine svingar på veg ned! Takk for turen!

Rundtur på Silsetfjellet, Batnfjorden

Bilde
Idag har eg vore på ein nydeleg skitur med fjellskia på Silsetfjellet i Batnfjorden. Starta heime på Silset og første mål var å komme seg opp Silsetkleiva og opp til Silsethytta, deretter Indergardsnebba, 763 moh. Vel oppe på nebbå, tok eg ein liten matpause og nytte utsikta. Deretter sette eg kursen mot Steinmerra, 772 moh, så over Heian 790 moh, før eg tok fatt på siste motbakke opp til Mainnj, 785 moh. Deretter var det berre nedoverbakke over til Randa og ned til Indergardssetra og deretter langs vegen ned til Silset igjen. Kjempefin tur i fint ver!

Vikskaret, Sunndal

Bilde
Idag har eg avspasert og vore ute i sola på ski. Vart ein liten tur til Vikskaret i Sunndalen, fin tur med flott utsikt. Artig kjøring ned igjen med variert føre!