søndag 3. april 2011

Rundtur på Silsetfjellet, Batnfjorden

Idag har eg vore på ein nydeleg skitur med fjellskia på Silsetfjellet i Batnfjorden. Starta heime på Silset og første mål var å komme seg opp Silsetkleiva og opp til Silsethytta, deretter Indergardsnebba, 763 moh. Vel oppe på nebbå, tok eg ein liten matpause og nytte utsikta. Deretter sette eg kursen mot Steinmerra, 772 moh, så over Heian 790 moh, før eg tok fatt på siste motbakke opp til Mainnj, 785 moh. Deretter var det berre nedoverbakke over til Randa og ned til Indergardssetra og deretter langs vegen ned til Silset igjen. Kjempefin tur i fint ver!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar