Innlegg

Viser innlegg fra april, 2010

Meddagshåjin 572 moh

Bilde
Kort topptur i Batnfjorden. Gikk på ski frå døra, fint føre og nydeleg ver. Turen kan anbefalast dersom du vil ha ein kort topptur i Batnfjorden. Fantastisk flott utsikt frå toppen!







Indergardsnebba, 763 moh, Batnfjorden

Bilde
Tok idag turen til Indergardsnebbå på Silsetfjellet. Fin tur, fint føre, men litt flatt lys ned igjen. Utsikta er fantastisk, hadde det berre vore klarver!







Blakstad-Stokke

Bilde
Skitur nede i dalane! Starta frå Blakstad og gikk opp Blakstaddalen og rente ned til Stokkdalen, for så å fortsette ned til Stokke. Fin tur, men følte meg som ei hogstmaskin då eg fresa gjennom eit plantefelt sidelengs...Burde kanskje vald ein anna veg ned! Men vart ein fin tur!



Tarløysa 1086 moh, Åfarnes

Bilde
Endeleg kom det ein skikkeleg finversdag og saman med Synnøve, Kåre Henning og Emil sette eg kursen mot Tarløysa på Åfarnes. Føret var kjempebra, 15 cm med pudder oppå skare, utsikta frå toppen super og dei heimelaga smultringane i ryggsekken smaka berre supert! Påskå e i gang!
Foto: Synnøve Haga og meg sjøl











Kjapp skitur til Raudheia, Fursetfjellet

Bilde
Etter ei helg med mykje mat og lite trim, tok eg og Emil oss ein kjapp tur opp på Raudheia på Fursetfjellet. Kort tur og sur vind opp, steinhard skare og megaflatt lys på veg ned- men alle var einige om at det hadde vore ein flott tur!