Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2013

Kajakk og stisykling.

Bilde
I går rakk eg både ein tur med kajakken før jobb og ein tur på stisykling etter jobb. Ein nydeleg dag!

Besøk frå høga nord.

Bilde
Forrige helg hadde eg besøk av Bente frå Hammerfest. Kjempeartig å få besøk frå gamle trakter. På eit og eit halvt døgn fekk eg vist fram både Kristiansund, Batnfjorden og Molde, Trollstigen, Valldal, Fjørå, Varden og eit par fergeturar, i tilegg til både veldig lavt og veldig høgt skydekke. Desverre så var skydekket på sitt lågaste ved Trollveggen og på Trollstigen, men litt fikk vi jo sett. Tusen takk for besøket Bente, og velkommen igjen!

Bobilcamping volum 2

Bilde
Forrige helg var det klart for bobilcamping volum 2, denne gong saman med Tonje. Turen gjekk først til Viromdalen og planen var skitur til Kongens Krone. Vi la i veg med friskt mot oppover mot Viromsetra, med skia på sekken. Berre det å gå oppover lia her med utsikt til Innerdalstårnet på den eine sida og ei brusande stor elva på den andre sida, medan kvitveisen omtrent poppa opp rundt skoa våre var ei bra beholdning. Nesten oppe på Viromsetra såg vi at det hadde gått eit større sørpeskred i botnen mellom Tunge, Dronningkrona og Hesten, det frista ikkje akkurat å gå opp der. Rett etter møtte vi ein heller krass grunneigar som meinte det var tullfere å gå der, og at vi måtte passe oss for jerven....Dette måtte vi tygge på og tok oss ei lita matpause på Viromsetra medan vi studerte kartet.  Konklusjonen vart at den alternative ruta ville bli for lang for oss, både pga. at vi ikkje hadde starta tidleg nok og at vi ikkje hadde med nok mat. Såg for os

17.mai - Fire fjelltoppar og ei grotte!

Bilde
17.mai brukte eg dagen til fjells. Planen var å gå til Trollkirka i Fræna. Starta i overskya ver og litt vind, det såg ikkje ut til å bli ein skikkeleg finversdag. Etter ein times gange var eg ved Trollkirka, men pga. veldig stor vassføring i elva som renn gjennom grotta, så kom eg meg ikkje så veldig langt inn. Får ta det igjen til sommaren. Etter denne lille grotteturen hadde sola kome  fram og det vart skikkeleg sommarleg, det var behageleg i shortsen!! Etter ein betre lunsj gjekk turen vidare rett opp den bratte lia til toppen av Trolltindan 879 moh, og ei fantastisk utsikt over både romsdalen og nordmøre. Frå Trolltindan gjekk turen vidare over den alpine eggen og opp igjen til Stordalstinden. Derifrå bar det vidare til Blåfjellet og Heldalstinden, før eg sette kursen ned mot bilvegen på Freneidet og tilbake til bilen igjen. Det vart ein veldig lang tur....men ein veldig fin tur!! På veg opp lia til Trolltindan Utsikt mot store delar av Fræna kommune