Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2014

Panoramajakta held fram, Styggeværshaugen 1371 moh, Vistdal/Eresfjord

Bilde
I går gjekk turen til Styggeværshaugen, som ligg mellom Vistdalen og Eresfjorden. Eg køyrde til Vistdalsheia, og tok turen innover Horndalen. Det er raudmerka sti heile vegen innover, og det er same rute som du tek dersom du skal til Vasstindbu eller Svartvassbu. Det er drygt innover dalen, men endeleg kom eg til stigninga, og da gjekk det unna med høgdemetra. Den raudmerka stien tek til høgre omlag 150 høgdemeter under toppen av Styggeværshaugen (går vidare til Svartvassbu). Etter som ein kjem opp i høgda, får ein ei fantastisk utsikt til fjella i Romsdalen. Plutseleg dukkar Trollveggen opp, ein passerer Helvetesbotn og Juratind, Nyheitind, Sjøvdøla, Gogsøyra og mange andre viser seg frå si beste side. På toppen ser ein også rett ned i Eikesdalsvatnet. Ein kjempefin, men relativt lang tur!

Panoramatopp nr. 121 i boks!

















Ekspedisjon Elveglis 2014

Bilde
Fredag var det klart for årets ekspedisjon Elveglis, denne gong i Rauma.
Vi starta først med elvepadling på Istra, Romsdalens svar på Amazonas i følge reiselivsreklamen. Utruleg artig å flyte nedover elva med upåklageleg utsikt til fjella rundt dalen og på Trollstigen. Elva er ei såkalla meanderelv og svingar seg nedover. I luftlinje bevega vi oss ikkje lange biten, men faktisk distanse var mykje lengre. Vi hadde også kaffepause undervegs med servering av kjempegod gulrotkake!











Etter elvepadlinga var vi klare for vinsmaking på Tuen vingård på Veblungsnes. Johan Setnes fortalde oss om Veblungsnes si historie og sin eigen vingard før han tok oss inn i fleire kjellarar. Der fekk vi smake på 12 forskjellige vinar og fekk sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Utruleg gode vinar, som det desverre ikkje er mogleg å kjøpe pga. mattilsyn og høge avgifter.







Dag to var vi klar for fjelltur på Trollstigen, og dagens mål var Skardfjellenden 1371 moh. Med start frå toppen av Trollstigen er dette …

Rundtur i fylket

Bilde
Forrige veke var eg på rundtur i fylket, og eg konstanterer nok ein gong - vi bor midt i godteskåla!