mandag 9. juni 2014

Panoramajakta held fram, Styggeværshaugen 1371 moh, Vistdal/Eresfjord

I går gjekk turen til Styggeværshaugen, som ligg mellom Vistdalen og Eresfjorden. Eg køyrde til Vistdalsheia, og tok turen innover Horndalen. Det er raudmerka sti heile vegen innover, og det er same rute som du tek dersom du skal til Vasstindbu eller Svartvassbu. Det er drygt innover dalen, men endeleg kom eg til stigninga, og da gjekk det unna med høgdemetra. Den raudmerka stien tek til høgre omlag 150 høgdemeter under toppen av Styggeværshaugen (går vidare til Svartvassbu). Etter som ein kjem opp i høgda, får ein ei fantastisk utsikt til fjella i Romsdalen. Plutseleg dukkar Trollveggen opp, ein passerer Helvetesbotn og Juratind, Nyheitind, Sjøvdøla, Gogsøyra og mange andre viser seg frå si beste side. På toppen ser ein også rett ned i Eikesdalsvatnet. Ein kjempefin, men relativt lang tur!

Panoramatopp nr. 121 i boks!

Vegskille mellom turen til Vasstindbu og turen til Svartvassbu
Vasstindan og Kjøvskardtind i bakgrunnen


Frå stigninga opp mot Helvetesbotn
Helvetesbotn, Juratind bak og Helvetestind til høgre





Utsikta frå toppen ned mot Eikesdalsvatnet og alle flotte fjell i rundt.

Happy panoramajeger!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar