lørdag 19. november 2016

Panoramajakta held fram; Kleneggen 1964 moh, Nesset

I august var det omtrent "panoramatopp-tørke", så stor var lykka då eg endeleg hadde moglegheit til å prøve meg på ein ny topp. Vermeldinga lova finver, men i Molde låg skydekket lågt og tett. Men eg stola på frøken yr som sa at det skulle lette på føremiddagen og at det skulle vere lettare i indre nn i ytre strok. Og, det stemte jaggu meg! Kleneggen stod for tur, og Aursjøvegen sørga for at talet på høgdemeter omtrent vart halvert. Men, det er ein dryg tur, høgdemetra er "lange".

Eg køyrde så langt inn i Gravdalen som det var mogleg og la i veg langs tydeleg sti. Etter eit stykke kjem ein til eit stikryss som ikkje var så enkelt å sjå, men eg oppdaga kursfeilen ganske så kjapt. Så var det å runde rundt til det som på kartet er merka Hundan. Derifrå gjekk det slakt over store slegder fram til det endeleg begynte å stige litt, slik at høgdemetra gjekk unna.

Etter kvart som eg kom høgare opp, vart utsikta berre finare og finare, og majestetar både på Nordmøre og i Romsdalen kom til syne. I tillegg var det ein del "kule" skydottar som gjorde sitt til enda betre bilde-forhold!

Etter ein god pause på toppen, var det same rute tilbake. Turen var 15 km, og er ein av dei drygaste panoramajakt-turane kor resultatet berre var 1 topp! Faktisk litt kjedeleg..., men utsikta veg opp for det meste! Kart heilt nederst.

Panoramatopp nr. 178 i boks.

Meir informasjon om turen finn du på www.morotur.no


Det var rett magisk opp Finnsetlia

Eikesdalen langt der nede
Mot Aursjøen
Juratind dukkar opp til venstre. Utsikt mot dei fire toppane eg tok i Sandgrovbotn i juli.
Eikesdalsvatnet kjem til syne



For ein liten månad sidan var eg på nokre av fjelltoppane over, på ein dag vart det fire panorama-toppar, ikkje verst fangst! Klaneggen er definitivt i kategorien "loner".

Kalskråtind, Kvanndalstind og Vengetindane sett frå ein anna vinkel.
Toppen

Hausten hadde allereie sett sitt preg på myrene


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar