Hyttehelg på Venabygdsfjellet

Ei lenge planlagt skihelg saman med Marte og Kjersti vart endeleg gjennomført forrige helg. Turen gikk til Venabygdsfjellet i Ringebu. Lørdag var det kjempefint ver, men tildels sterk vind. Men vi prøvde langrennsskia likevel og fikk oss ein fin tur og nye fregner. Søndagen vart brukt til "topptur" til Muen, 1424 moh. Det var ikkje meir snø enn kva det var bruk for....Men vi fikk nokon fine svingar på veg ned! Takk for turen!





Kommentarer