onsdag 20. april 2011

Fløtatinden, 1711 moh

I går tok eg og Marte turen til Fløtatinden, som ligg mellom Øksendalen og Eikesdalen. Turen starta på beina, var tyn med snø i starten av turen. Etterkvart var det på med skia og tråkle seg oppover skogen. Til ein er over skoggrensa og opp mot Saufjellet stig det bra på, og kondisen fikk kjørt seg. Undervegs fekk vi helse på ein særs våryr rype-stegg som markerte sitt territorium! Det var godt å komme seg opp på Saufjellet, både fordi ein endeleg såg toppen og fordi det vart eit litt slakare parti- som gjorde godt for kondisen og tunge bein. Siste stigninga opp til toppen var dryg og det var utruleg godt å komme seg opp. Utsikta frå toppen av strålande!! Første del av nedturen var det kjempefint føre, men etterkvart vart det meir og meir sugande før det gikk over til gjennomvåt slush. Etter kreativ skiføring gjennom skogen, over bekkar og gras-parti var vi nede igjen, og var einige om at det hadde vore ein kjempetur! Takk for turen Marte!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar