Panoramajakta held fram; Smørbotntindane og Gråfonnfjellet, Småhola, Rauma

På det tredje skal det skje!

To gonger før har eg prøvd meg på nokre toppar rundt Småhola i Rauma. Det er mellom Innfjorden og Slettvikane, Norddal. Dei to forrige gongane har eg vorte stoppa av dårleg ver og snudd, men denne dagen såg det særs lovande ut. Sol, blå himmel og shorts-føre!

Frå Slettvikane er det raudmerka sti over til Småhola, så første del er transportetappe. 

Utsikt mot Småhola, Smørbottindane og Gråfonnfjellet lengst bak
Høgfjellet
Frå Småhola sette eg kursen rett opp i retning av Smørbotntinden aust langs lyngrabbar og ur. Det er fleire renner ned frå toppane, og plutseleg var eg oppe på Smørbotntinden vest. Hadde tatt feil renne opp, men bestemte meg for å gå bortom der på retur. 

Utsikt tilbake mot Småhola
Rett under toppen, utsikt mot Innfjorden
Yes! På toppen! 
Oppe på toppen såg eg regnbyger som gjekk i området rundt Bøstølen, håpa den ikkje nadde meg, men var kjapp med å få klede og fotoapprat ned i vasstett pose. Det vart litt surt, så var berre å legge av garde i retning Gråfonnfjellet. Kjedeleg strekke bort dit, men greit å få gå i litt slakkare terreng også. Same veg tilbake til Smørbotnstinden vest.

Bøstølen i regnet
Gråfonnfjellet
Utsikt tilbake til Smørbotnstinden vest
Etter eit obligatorisk topp-bilde, sette eg kursen tilbake. Var sur vind, så ingen grunn til å stå der lenge.

Utsikta er det ikkje noko å seie på, i alle retningar er det fjell og fjordar. Under er Høgstolen med sin store bre. Fint skifjell på våren.


På veg opp mot Smørbotnstinden vest igjen kom sola tilbake. Det var av med jakka og t-skjorte ver resten av turen. 

Gråfonnfjellet til venstre i biletet, Innfjorden til høgre. 
Oppe på Smørbotnstinden vest igjen var det berre å sette kursen vidare bort til aust-toppen langs ryggen på biletet under. Den ser krass ut, men ingen problem, berre å halde ned i sida om ein synest det er luftig eller skummelt. 


Siste strekket bort mot toppen

Det var herleg å stå på toppen av dagens tredje topp! Etter å ha hatt to bomturar til området før, smakar det enda betre med full uttelling. 



Eg hadde hatt ein litt sein start, så ettermiddagen var på hell. Men tok meg tid til å nyte utsikta litt før eg sette kursen ned.


Eg tok ei rute rett ned og etterkvart litt til aust ned frå austtoppen. Kom over ein del større snøfelt, fantastisk å kunne jogge ned der i staden for å knote og bremse seg gjennom ura. Sparar føtn ganske så mykje.

Eg hadde omtrent ikkje hatt pause på turen, så når eg kom ned til Småhola igjen tok eg matpause for å fylle på lagra til siste etappen tilbake til Slettvikane. Eg hadde oppe til vurdering om eg skulle gå over Austre Småholtind og ned til Meiadalen. Men det betydde at eg måtte gå ca 4 km oppover langs vegen tilbake til bilen, og DET frista ikkje. Dessutan har eg vore i området der før, og dersom ein ikkje treff stien brukar ein laaaaang tid ned til vegen. Så, eg tok same veg tilbake!

Smørbotntindane

Tilbake på Slettvikane var klokka blitt kveld og eg var skikkeleg svolta. Bestemte meg for at eg ikkje gadd å køyre heim, så slo opp teltet og inntok ein betre middag før natta kom.

Tre nye panoramatoppar i boks, nr. 194, 195 og 196!

Kommentarer