søndag 6. desember 2015

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen.

Nedstestølen
Ein nydeleg haustdag
Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh. 

Hesten 1634 i det fjerne
Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover. 
Hesten 1634 moh i sikte

Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den einaste plassen som var flat, og i tillegg var det ein bekk rett ved sida. Når kveldssola kom, var det berre å sette seg ned å nyte!




Hestane sett frå Kula
Det blir tidleg mørkt i slutten av oktober, så det vart ein tidleg kveld. Ein tidleg kveld fører til ein tidleg morgon, og det var ei nydeleg utsikt til frokosten.




Etter ein betre frokost var det berre å pakke sekken og legge i veg oppover mot første topp.



Etter kvart som høgdemetra gjekk unna vart utsikta berre betre og betre. Første del av turen går langs ein rygg, og det stig bra på, etterkvart går det over i ur.



For å komme til Hesten 1650 moh må eg over ryggen/eggen ein ser mot himmelen. Midt i biletet er pinakkelen som ber namnet Hestkuken. Det er Iver Gjelsteinli som har gjeve namn til den.
Første topp til høgre
Trollveggen, Vengetindane og Breitind dukkar opp.
Toppen til venstre
Panoramatopp nr 161
Det var sur vind på toppen av Hesten 1634 moh, så det vart ikkje lange opphaldet. Det var berre å sette kursen mot neste topp, som ein ser på biletet under. Det er ein ganske så flat topp, men turen dit er ikkje berre flat. 


Første del av ryggen er fin og enkelt å gå på, men plutseleg dukkar det opp ei utfordring. Då eg kom fram til "Hestkuken" var det plutseleg slutt på den fine ryggen. Det var bratt på alle kantar og eg fann til slutt ein veg ned, men den var bratt og det var mykje lausgrus. Tælen hadde også sett seg litt, så det var litt vanskeleg å få feste til føtn mange plassar. Det vart ein litt lengre tur enn planlagt. For å kome meg ned den siste biten, skulle eg fire sekken ned ved hjelp av eine gåstaven min. Det skulle eg ikkje gjort...for sekken og staven begynte og rulle og fekk steika stor fart over eit par snøbrear...Det medførte ein lang og vanskeleg omveg og sikkert 150 ekstra høgdemeter. Utruleg kjedeleg, men kunne ikkje gå frå sekken. Kan sei det slik at knekkebrøda vart ete som peanutter!

Hesten 1650 moh til venstre
Her starta det vanskelege partiet
Litt til venstre i bildet var det vanskelege området. Snøbreane måtte eg rundt og under....
Eg var utruleg glad for å vere forbi det vanskelege partiet, og det var berre å sette kursen mot dagens andre topp.
Høgstolen til høgre i biletet
Hesten 1650 moh
Tilbakeblikk på turen
Det var fortsatt like surt og kaldt på topp nr. 2, så det var berre å starte på heimturen med ein gong. Tilbaketuren vart litt enklare, då eg omgjekk store delar av ryggen rundt det vanskelege partiet. Var ganske knøle og gå der også, men det gjekk bra. Bortsett frå eit lite tryn...men slikt må ein rekne med når ein er på tur i ulendt terreng.

Hestkuken midt i bildet
Vel nede ved teltet var det berre å pakke saman alt og kome seg tilbake til bilen. To nye panoramatoppar kan kryssast ut! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar