søndag 15. februar 2015

Snøtind 1024 moh, høgaste toppen i Gjemnes og Eide

Idag tok eg turen til Snøtind og starta frå Åndal i Batnfjorden. Først litt staking langs vegen før det bar opp lia. Måtte kjapt lette i antrekket, var jo reine påskevarmen! Fint føre oppover og gamle spor eg kunne følge. Rett under kor toppryggen starta måtte eg på med jakka, då bleste det godt. Turen opp til toppen var litt ekkel, mykje hardt under nysnøen, så det var berre på med skarejarna. Oppe på toppryggen var det rett og slett blankis, men ingen problem med skarejarn og feller. Som forresten satt på på tilbaketuren langs ryggen også... Det var så sterk vind, at det berre var å få på hjelm og sette snuten ned igjen med ein gong.

Varmt i solsteika oppover!

Litjtussen




Stortussen og Snøtind


Eide
Harstadfjellet i forkant, Tustna og Aure bakerst.
Det bles på toppan i Romsdalen.


Så var det berre å suse nedover igjen! Føret var ganske tredelt - solpåvirka snø på glatt skare, pudderføre i skyggepartia og god sløsj i nedre parti. Litt knølete i siste del av skogen, mange opne parti og lumske greiner... Så var det berre å stake seg tilbake til bilen igjen. Rett og slett ein fin tur! Konstanterer at fregnesamle-sesongen er igang og at svakt klokkeskille er etablert ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar