onsdag 25. september 2013

Panoramajakt og overnatting på Vasstindbu


Fredag etter jobb sette Tonje og eg kursen for Vistdalsheia. Målet for dagen var Vasstindbu, den høgstliggande hytta til Molde og Romsdal Turistforening, 1190 moh. I flott haustver og vindstille la vi i veg på turen opp til hytta. Det tok oss omlag 2,5 time etter godt merka sti og i urd å kome opp. På turen opp fekk vi med oss solnedgang over Sjøvdøla og Juratind og nydelege haustfargar.
På veg opp med Vasstindan i bakgrunn
Solnedgang over Kvitfjellet, Styggeværshaugen, Helvetestind, Sjøvdøla, Melkallen....
....Juratind, Kvanndalstind, Vengetindan...
Oppe ved Vasstindbu, Vasstindan til venstre og Kalvgjeltind til høgre.

Vel oppe var det berre å fyre i ovnen og lage seg ein "betre" middag og nyte litt rødvin. Er ein på tur, så skal ein kose seg. I tillegg var månen stor og trillrund og viste seg fram, måneskinnet var så sterkt at det hadde vore mogleg å tatt ein fjelltur utan haulykt!



Nydeleg når sola gikk ned....





Månen på veg opp, kjempande med skyene!


Morgonstund har gull i munn!








Det var dårlege meldingar for laurdagen, men då vi vakna tidleg laurdags morgon var sola i ferd med å stå opp over Skjorta og Fløtatind og naboane. Det såg ut til å bli ein fin dag, men medan vi åt frukost så var det tydeleg at det vart nedbør i løpet av dagen, spørsmålet var når og i kva for form det kom...


Så vi var kjappe med å montere stilongsen og kome oss i fjellskoa. Dagens mål var dei to Vasstindane-toppane, 1378 moh og 1453 moh. Desse to toppane ligg på ryggen mellom Vasstindbu og Kjøvskardtinden. Turen opp til første topp var lettgått og rundt ein halvtime etter at vi starta kunne vi notere dagens første panoramatopp, og det før kl. 09.00 på morgonen!! Så heldt vi fram langs kanten av fjellet til vi kom fram til ryggen som tok oss ned til bandet mellom dei to toppane. Her var det ein del klyving. Rett før vi var nede på bandet, kom vi til det som er omtala som det einaste vanskelege punktet på turen. Her var beina for korte og klatreferdigheitene for dårlege, så vi omgjekk den vanskelege passasjen ned til høgre.

Rett før litje Vasstinden

Vasstindna, Kjøvskardtind, Kirketaket, Klauva

På Vasstindan 1378 moh
Så var det berre å sette kursen oppover mot neste topp. Det er "sti" store delar av turen, men enkelte plassar må ein sjå seg litt rundt for å sjå vegen vidare. Etter litt klyving og kravling stod vi plutseleg på toppen av Vasstindan 1453 moh. Dagens andre panoramatopp check, nummer 103 og 104 totalt.


Klyvar av beste sort!



Fornøgd panoramajeger! Foto: Tonje Sæter

Idet vi kom på toppen kom det nokre snøfiller gjennom lufta...og vi fann ut at det var like greit å kome seg tilbake til hytta. Turen tilbake gjekk bra, men vi fekk godt selskap av regn og slaps før vi kom tilbake til hytta.
På toppen av Vasstindan 1458 moh

Uortodoks nedovermetode!

Blaut, men blid!

Etter ein kjapp lunsj, pakking og rydding sette vi kursen tilbake til bilen. Sola kom også fram på returen!

Rett og slett ein herleg tur- takk for turen Tonje!

Meir om turen finn du her: http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Vasstindbu3
Og, så kan du laste ned morotur-appen gratis, både for iphone og android!




























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar