Panoramajakta held fram, Svartevassegga 599 moh og Frostadtinden 802 moh, Haram

Etter å ha gjort ferdig ein haug med politiske saker bestemte eg meg for litt avspasering, og sette snuten over til den andre sida av fjorden. Køyrde til Fiksdal og tok av mot Vatne, og heldte fram så lenge det var motbakke og parkerte bilen oppe på Nakkereset. Derifrå sette eg kursen rett opp lia mot Svartevassegga, dagens første mål. Ikkje akkurat eit imponerande fjell, men det er no eingong ein panoramatopp! Forsette vidare fram mot ryggen som skulle ta meg opp til Frostadtinden. Men først, lunsjpause med utsikt til enda fleire panoramafjell, på Sunnmøre.

Stien opp til Frostadtinden (den som kom frå Høgsetra i Skodje) var reine autostradaen! Null problem å finne vegen! Og, det ser ut til å vere ein veldig flott sykkeltopp for sommarsesongen!
Aldeles nydleg utsikt på toppen!

Turen gjekk vidare over heile ryggen og ned ryggen på austsida, ned til Vatneskaret og derifrå tilbake til bilen. Flott tur, utruleg behageleg at all myr er pinnfrose, er jo så lett å gå!!
















Kommentarer