lørdag 3. september 2016

Panoramajakta held fram; 5 toppar i Sandgrovbotn, Rauma/Nesset




I Sandgrovbotnen er det mange panoramatoppar. Eg var der forrige sommar, men hadde framleis 5 toppar. Det kom endeleg nokre finversdagar i midten av juli, så det var berre å pakke bilen.

Første dag sette eg kursen innover Mardalsbotn, og dagens mål var fire toppar i området rundt Hauduken (innringa på kartet under).



Mardalsbotnen og nokre av dagens mål i sikte
Mardalsfossens øvre del
Mardalsbotn
Det er langdrygt innover Mardalsbotnen, men etter knappe 5 km kunne eg endeleg begynne på motbakkane opp mot toppane. Eg kryssa over botnen mellom Midtre Mardalsvatnet og Indre Haudukvatnet. Slike langdryge anmarsjar er eg lite glad i, det tek så lang tid før ein endeleg kan starte på turen. 

Juratind dukka opp!
Morgodalstindane og Kjøvskardtinden
Fjell i fjell!!
Mardalsbotnen
Eg sette kursen rett opp mot breen under Hauduken. I siste stigninga opp opp mot breen var det eit litt vanskeleg parti, glatt svaberg, men eg fann ein omveg og var endeleg oppe ved breen. Så var det i urd opp mot topp 1578 og plutseleg dukka Vengetindane og Kvanndalstind opp! 


Vengetindane og Kvanndalstind
Hauduken med sine to toppar
Juratinden
Topp 1548 moh
Hoemtinden



Første topp var den namnlause toppen 1619 moh og majestetiske Juratind dukka opp gjennom skydekket. Der slang eg frå meg ryggsekken og fortsette til topp 1635 i lett terreng. Tilbake ved ryggsekken var det endeleg tid for ein matpause. Det var ein nydeleg dag, så eg kunne ligge og sole meg litt.

Topp 1635 til høgre i biletet
Svartevatnet og Hoemtind
Eikesdalsvatnet dukkar opp
Frå topp 1635

Panoramatopp nr 173!
MÅ og SKAL på Juratind ein vakker dag!
Neste mål for dagen var Hauduken Nord 1719 moh. Etter nokre få hundre høgdemeter var eg oppe på toppen og kunne sjå ned mot Eikesdalsvatnet. Frå toppen er det 300 meter i luftlinje bort til Hauduken 1734, men eggen bort dit er delvis av det svært luftige slaget, og eg tok ikkje sjansen på å prøve meg.
Hoemtind, Eikesdalsvatnet og Hauduken 1734
Frå Hauduken 1719 mot Hoemtinden

Eggen mellom Hauduken-toppane
Frå Hauduken 1719 til Hauduken 1734

Panoramatopp nr. 174 i boks!
Det begynte å bli langt på dag og eg var eigentleg ganske så sliten og det frista ikkje med ein lang omveg bort til toppen. Men, når eg først hadde gått så langt innover, var det rein og skjær idioti og droppe toppen. Så kjedeleg som det var innover Mardalsbotnen, så var det berre å ta turen bortom. Måtte knappe 100 høgdemeter ned før eg kunne krysse fjellsida mellom toppane, og opp ryggen mot toppen. Siste del av turen var ein artig og småluftig egg, og det var utruleg godt å komme opp på den siste toppen. Utsikta var slåande og i og med at eg var der oppe rundt klokka 19.00, så gav ettermiddagslyset nydeleg fargar. Der eg stod på toppen såg eg bilen i det fjerne og såg ikkje så lyst på den lange tilbaketuren. Svolta var eg også, hadde feilberegna matpakka...Ein melkerull var det som skulle få meg tilbake.

På toppen av Hauduken 1734 - panoramatopp nr. 175 i boks!
Frå toppen følgde eg sørryggen ned frå fjellet og tilbake til ruta eg hadde innover. Utruleg lang tur tilbake til bilen, og svolten reiv i magen. Sola var på veg ned, og myggen på veg fram... Klokka var nærare 21.30 før eg var tilbake ved bilen.


Fint på returen
Kjapt fekk eg opp teltet og endeleg kunne eg ete middag! Ein lang dag, ein sliten kropp, men det var nydeleg å ligge i teltet med ei kald øl og sjå rett mot alle toppane eg hadde besøkt!

Nydeleg kveldsutsikt!

Neste morgon vakna eg opp til den same fine utsikta eg hadde kvelden før. Utruleg herleg og starte dagen roleg med god frokost og kaffe. Dagens mål var Søre Midthøin 1645 moh, ein kort tur med ca 600 høgdemeter, så det var ingen grunn til å stresse.


Dagens mål til høgre i biletet.


Turen opp til Søre Midthøin gjekk i lett terreng, lite urd.



Når eg kom opp på den siste ryggen opna utsikta seg, og Vengetindane, Kvanndalstind, Trollveggen og mange fleire dukka opp. Det var framleis sol og god temperatur, så eg tok ein lengre pause på toppen og kunne nyte utsikta mot gårsdagens toppar.

Gårsdagens toppar i sikte

Trollveggen, Kvanndalstind og Vengetindane
Isfjorden i det fjerne

Panoramatopp nr. 176 i boks!

På tur til Rognnebba i fjor fekk eg eit møte med ein stor reinsbukk, denne gongen møtte eg ein liten reinsdyrfamilie. Rett under toppen på motsett side av kor eg kom opp gjekk dei og beita. Eg kan ikkje forstå at det er mykje mat og finne i steinrøysa!




Etter to dagar i Sandgrovbotnen var 5 nye panoramatoppar i boks - 176 til saman!
Sandgrovbotnen har mange fine fjell og by på og du går ikkje akkurat i kø. Så, ta turen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar