Harstadfjellet 1004 moh i Batnfjorden - ei perle på ski!

Påskeaften vart ein fantastisk dag på ski på Harstadfjellet!

Eg sette kursen opp lia frå Gaupset, og det var ikkje lenge før skia kunne kome på, og det går ganske kjapt å kome seg opp til skoggrensa. Allereie då er utsikta storslagen, Trollveggen og Vengetindane viser seg fram i all si prakt.

Vårføre!
Så er det å krysse seg oppover fjellet og nyte utsikta på turen.

Vengetindan, Trollveggen, Skåla og mange andre

Storfjellet/Rødfjellet, Stokknoken, Bergsøya, Tustna, Aure, Halsa og Tingvoll.

Oppe på ryggen opnar deg seg opp i alle retningar. Dersom eg følgjer ryggen litt lenger vest enn til varden, så opnar utsikta seg vestover også. Aldeles nydeleg!

Averøya til høgre, så Frei, Kristiansund, Smøla, Grip, Tustna og Aure
Trolltindan og Eide
Skeidsdalen og Reinsfjellet

Batnfjorden
Fræna, Eide, Atlanterhavsvegen og Averøya
Eide og Sandnestindan/Trolltindane


Etter å ha nytt utsikta heiv eg meg over kanten og susa nedover i fantastisk føre. Pudderet var ikkje heil florlett, men det kvalifiserte til pudderføre. Etter omtrent 500 høgdemeter var låra sure og magen tom. Sette meg ned i skoggrensa og åt og sola meg. Så fekk eg plutseleg eit innfall om at eg skulle gå opp igjen. Det var enda tidleg på dag og føre ville halde ei lita stund til.

Tømte så sekken for mest mogleg og sette kursen mot toppen. Pussig nok så var forma betre på runde to, så plutseleg var eg oppe på toppen igjen. Denne gongen følgde eg ryggen bort til vesttoppen for å sjå på utsikta den vegen. Gjekk så tilbake til varden og tok same veg ned som første runde.

Eg var inne på tanken om ein tredje tur, men da hadde sola gjort jobben sin og i nedre delar av nedfarten var det både sugeføre og pillråtten snø. Så da var det berre å sette kursen ned igjen. Og, skiføret hadde minka drastisk så det var skia på sekken ganske tidleg.

Ein fantastisk dag på fjellet på eit utruleg flott fjell!

Kommentarer