søndag 20. mai 2012

Rundtur på Midsund - nye toppar kan kryssast av!

Idag har eg vore på ein rundtur på Otrøya på jakt etter fleire panoramatoppar. Starta frå Nord-Heggdal og første mål for turen var Heggdalshornet 684 moh, før eg sette kursen mot Slettheia 635 moh, Vågsåta 632 moh og Grøtte 650/698 moh. Var på Opstadhornet i påska, og etter denne turen kan eg no krysse ut alle moldepanorama-toppar på Otrøya. Fin dag på fjellet, men framleis ein del snø, til og med nysnø!







På toppen av Heggdalshornet, Molde i bakgrunn

Utsikt mot Gossen

Topp nr 2 Slettheia


Endelig på siste topp, Grøtte 698 moh


Her ser ein resten av ruta - frå heggdalshornet

På Vågsåta, dagens tredje

Utsikt mot Grøtte, dagens siste topp!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar