søndag 17. mai 2015

17.mai og panoramajakt; Ringshornet nordvest 1473 moh, Trollstigen

Det er ikkje mykje som kan måle seg med skitur i strålande ver på 17.mai!

Benthe og eg heiv oss rundt i dag tidleg, satsa på at yr ikkje ville slå heilt til og stola på det vi såg av finver, og sette kursen mot Trollstigen. Dagens mål var Ringshornet nordvest, og kanskje sjølve Ringshornet. På Trollstigen var det sol frå nesten skyfri himmel og oppoverbakkane vart av den varme sorten! Turen opp er ikkje så lang, men utsikta er heilt fantastisk heile turen. Heile turen var vi midt i eit flott vervindu med berre finver, medan det rundt oss var gråe skyar!







På toppen tok vi oss tid til verkeleg å nyte, og bestemte oss for å droppe Ringshornet, det står der til ein anna gong (og er ikkje panoramatopp....). 






Føret ned var innafor med unntak av siste strekket ned til vegen, då var det berre å legge seg godt bakpå og unngå tryn i den pillråtne snøen. 

Panoramatopp nr. 147 i boks. 

Ein aldeles nydeleg måte å feire 17. mai på. Når du har Ja vi elsker på spotify på toppen, veivar med flagg og ser den storslåtte naturen rundt deg, det er til å få gåsehud av!

Filmsnutt frå dagen finn du her.


Gratulerer med dagen alle saman!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar