søndag 14. april 2013

Panoramajakta held fram, Litjskjorta 1552 moh, Nesset

I går gjekk turen til Litjskjorta i Nesset. Saman med ein mannfolkbande på 6 stykk la eg i veg retning Litjskjorta frå Brandstad øverst i Øksendalen.  Det var stappfullt på parkeringsplassen, men heldigvis skulle "17.maitoget" til nabotoppen Fløtatind, og vi og nokre til fekk ha fjellet for oss sjølv.

Dette var årets første skitur kor stilongsen gjerne kunne vore droppa, det var som å vere på grillen oppover mot toppen. Ikkje ein vindpust på heile turen!! Vi tok oss god tid og nytte turen mot toppen. Når ein kjem opp er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar!

Etter å ha nytt ei kald øl var det på tide å sette snuten ned igjen. Overraskande bra føre var det mesteparten av turen ned Kannsdalen, men frå skogrensa og ned var det skikkeleg påskeføre.

Ein aldeles nydeleg dag på fjellet, takk for turen Emil, Tore, Ola, Thomas, Asbjørn og Edvin Ole!




Viktig med god matpause







Mot Fløtatind



Utsikt ut Ljøsåbotn mot Kvitfjellet, Styggeværshaugen, Gogsøyra, Nebba, Sjøvdøla og mange fleire.


Happy skier!



Siste innspurt

Utsikt mot Frusalen og eggen mot Ryssdalsnebba, eit sommarprosjekt

Ryssdalsnebba

Skjorta og søndre skjorta





Trollveggen i det fjerne, Sjøvdøla og Nebba i front

På toppen med Søndre Skjorta og Skjorta i bakgrunnen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar