søndag 25. oktober 2015

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 1723, Trollstigen


Nokre turar kjem eg til å hugse meir enn andre. Denne er ein slik!

Målet for turen var Skardfjellet 1723 moh.

Starta frå Alnesreset i grauttjukk skodde, såg nesten ikkje til neste raud-merking. Yr meldte at skydekket skulle lette utover dagen, så satsa på at det skulle slå til. La avgarde oppover i skodda, og plutseleg så skjønte eg at det ikkje var lenge før eg var over skydekket. Skodda vart plutseleg ganske så tynn, og sola var på veg gjennom. Det var reint magisk!






Frå Alnesreset er det raudmerka sti opp til Skarfjellenden. Oppe i skaret på ca. 1250 moh tek stien av til venstre og til toppen av fjellet. Eg sette kursen rett austover og mot ryggen som er starten på turen opp til Skardfjellet. 

Etter mykje om og men fann eg endeleg ein liten "flat" plass til teltet mitt, som ikkje var blautmyr. Å nyte middagen i solnedgang er det ikkje mykje som slår!




Vakna til ein nydeleg morgon, og etter frukost og kaffe var det berre å pakke sekken og legge avgarde mot Skardfjellet. Etter nokre høgdemeter kom eg opp på ryggen og såg dagens mål i det fjerne. Fint og lett terreng å gå i oppover mot topp 1576 moh,



På turen blir utsikta i alle retningar berre betre og betre jo lengre opp på ryggen ein kjem.


Topp 1576 til venstre og Skardfjellet til høgre

Fram til 1576 moh var det fint å gå, men etter å ha passert toppen og gått eit par hundre meter vidare, var det plutseleg stopp. På biletet under vises ein lys hammar, der var det stopp. Eg gjekk eit stykke tilbake igjen og greidde å kome meg ned i sørsida av fjellet. Der traverserte eg bortover til eg var eit godt stykke bortanfor det vanskelege punktet. Det var passe småbratt, litt lausstein og mose i sida, så måtte ta meg god tid.


Etter å ha kome meg opp på ryggen igjen var det på tide med matpause og påfyll. Begynte å sjå slutten av eggen og den såg ikkje enkel ut, så måtte ha litt tid til å researche. Bestemte meg iallefall for ein ting, det frista ikkje å returnere same veg som eg kom.


Bildet under viser siste stigning opp til toppen. Etter å ha undersøkt moglegheitene, bestemte eg meg for å halde til høgre, langs skrå "stripe" i fjellet litt til høgre for midta. Fastslo ganske kjapt at her skulle eg IKKJE ned igjen, og det var berre å finne gode tak og kome seg opp. Relativt bratt innimellom...og i skyggesida, så det var litt småfuktig også.


Men, eg kom meg opp og kunne sjå tilbake på heile ryggen eg hadde gått!


Toppartiet var paddeflatt og stort som mange fotballbanar. Nesten litt rart når resten av fjellet er så bratt, men slik er det mange plassar her.

Flott utsikt frå toppen!

Romsdalshorn, Vengetindan, Kvanndalstind og Karlskråtind. Mannen i framkant.
Trollveggen og Breitind
Finnan, Titindan, bispen, Kongen og Dronninga, Molde i det fjerne.

Etter ein liten pause på toppen, sette eg kursen vidare langs ryggen mot Skardfjellet 1707. Eg skulle ikkje bort dit, men håpa å finne ein veg ned ved det lågaste punktet mellom toppane. Det var ein artig egg, ein del skikkeleg smale parti også!




Her vippa eg over kanten og fann best mogleg farbar rute ned. Rett og slett mykje skråning og bratte bakkar. Men etter å ha kryssa meg tilbake fjellsida, kom eg ned til vatna i Isglupane og heldte høgda rundt ryggen og tilbake til teltet igjen.

Skardfjellet likna ganske mykje på turen til Skardfjellet Nord eller topp 1568 moh som eg var på tidlegare i sommar. Dei ligg jo på kvar si side av dalen og har litt lik form.

Etter ein liten pause, pakka eg saman telt og anna utstyr og sette kursen heim igjen. Etter eit magisk døgn var eg nede ved bilen igjen - på ein heilt vanleg onsdag! Snakker om å bo i godteskåla!

Panoramatopp nr. 158 i boks!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar